Jente i arbeidsklær og vernebriller med verktøy med mennesker i bakgrunnen

Tilpassa opplæring og motivasjon i mangfaldige og fleirspråklege elevgrupper

Vidareutdanning på bachelornivå

Jobbar du med yrkesopplæring i vidaregåande skule og ynskjer å vidareutvikle din kompetanse for å møte mangfaldige og fleirspråklege elevgrupper? Dette studiet vektlegg kunnskap om korleis fremja læring og elevmedverknad, med særskilt fokus på tilpassa opplæring og motivasjon i mangfaldige og fleirspråklege elevgrupper

Bergen

Hopp til

    Søk studieplass

    Opptakskrav og søknad

    Opptakskrav

    Fullført lærerutdanning. Søkere må være ansatt i og ha undervisningspraksis i videregående opplæring knyttet til yrkesfaglig utdanningsprogram.

    Alle må ha tilgang til ein skuleklasseSøkarar utan fast undervisningsstilling må dokumentere tilgang til ein klasse for å kunne utføre obligatoriske læringsaktivitetar i løpet av studiet. 

    Prioritering av søkjarar 

    Søkjarar med innvilga frikjøp til vidareutdanning frå arbeidsgjevar blir prioriterte i opptaket. Dersom det er fleire kvalifiserte søkarar enn tilgjengelege studieplassar, blir søkarane rangerte etter karakterar frå opptaksgrunnlaget. 

    Dokumentasjon på innvilga frikjøp og/eller stadfesting på tilgang til skuleklasse skal dokumenterast med følgjande skjema: Skjema for frikjøp og eller tilgang til ein skuleklasse eller barnehage nn.pdf

    Søknadsfrist er 15. april, og dette er òg fristen for å laste opp all dokumentasjon.

    Frå 2026 er det endringar i stipend- og vikarordninga. Frikjøpsmidlane blir utbetalte til kommunar, fylkeskommunar og private skular.
    Les meir om Endringer i ordningene for kompetanseutvikling fra 2026 | udir.no

    Korleis søke:

    • Logg inn i Søknadsweb.
    • Vel opptak "Lærar, barnehagelærar og tolking".
    • Vel så "Vidareutdanning pedagogiske fag/lærarutdanning haust 2026".
    • Vel studiet du vil søke på frå lista (sjå studienummer under).
    • Trykk på "Legg til" og "Send inn søknad".
    • Last opp dokumentasjon på at du dekker opptakskravet.
    • Trykk "Neste" for å gjere ferdig søknaden. 

    Viktig informasjon om søknad, frister og dokumentasjon

     

    Om ledige studieplassar
    Viss det blir ledige studieplassar, må opptakskrav og stadfesting på tilgang til skuleklasse dokumenterast når du søker. 

    Studiekode i Søknadsweb

    8705

    Kvifor studere tilpassa opplæring og motivasjon i mangfaldige og fleirspråklege elevgrupper?

    Norsk skule har som mål å være ein inkluderande skule med tilpassa opplæring for alle. Skulen skal ta omsyn til mangfaldet av elevar og leggje til rette for at alle får oppleve tilhøyrsle. 

    Ved å studere dette emnet vil du vidareutvikle din kompetanse i å planleggje, grunngje, gjennomføre og evaluere eiga undervisning i fleirspråklege og mangfaldige elevgrupper. Vi vil ha fokus på å leggje til rette for meiningsskaping, inkludering og lærelyst.

    Kva lærer du?

    Ved å gjennomføre denne vidareutdanninga vil du:

    Målgruppe

    Dette emnet er for deg som er yrkesfaglærar og jobbar med yrkesopplæring i vidaregåande skule.

    Praktisk informasjon

    Undervisningsform

    Studiet er delvis nettbasert med tre to-dagars samlingar, ei digital og to på campus Bergen. Det er lagt opp til studentaktive arbeids- og læringsformer. Innhald og arbeidsmåtar tek utgangspunkt i deltakarane sine erfaringar og undervisningspraksis. Mellom samlingane skal studentane prøve ut metodar og ressursar for fleirspråklege elevgrupper.  

    Studiet har to emner på 15 studiepoeng, ett hvert semester:
    Les emnebeskrivelsene for YFL814/Tilpassa opplæring og motivasjon i mangfaldige og fleirspråklege elevgrupper (del 1) og YFL815 Tilpassa opplæring og motivasjon i mangfaldige og fleirspråklege elevgrupper (del 2)

    Samlingar

    2026/2027
    Samlingane vil vere frå kl 08.15-16 kvar samlingsdato, Campus Bergen.

    Haust 2026, YFL814:
    9.-10. september
    21.-22. oktober
    25.-26. november (digital)
    9.-10. desember, eksamen

    Vår 2027, YFL815:
    13.-14. januar (digital)
    17.-18. februar
    28.-29. april
    4. mai eksamen

    Tilrådde forkunnskapar

    Det er inga tilrådde forkunnskapar, men innhald og arbeidsmåtar tek utgangspunkt i deltakarane sine erfaringar og undervisningspraksis

    Pensum

    Grunnlitteratur

    Bergersen, A. (2016) Kultursensitive læringsformer – økt bevissthet gjennom tverrkulturell kompetanse? I: Solbue, Vibeke & Bakken, Yvonne: Mangfold i skolen. Fagbokforlaget. (20 sider)

    Bergersen, A. (2017). Global forståelse.  Barnehagelæreren som kulturell brobygger. Fagbokforlaget. Kapittel 1, 2, 6 og 7.

    Hofslundsengen, Hilde (2011). Minoritetsspråklige elever i skolen. Spesialpedagogikk. 2011:4

    Monsen, M. & Randen, G. T. (2022). Andrespråksdidaktikk – en innføring (2. utg.). Cappelen Damm
    Akademisk.

    Røthing, Å. (2017). Mangfoldskompetanse. Perspektiver på undervisning i yrkesfag. Oslo: Cappelen Damm Akademisk.

     

    Fullstendig pensumliste blir publisert ved studiestart

     

     

    Kvifor ta meir utdanning?

    Eit arbeidsliv i rask endring er ei viktig årsak til at mange skaffar seg meir fagleg tyngde. Her deler vi fleire fordelar som etter- og vidareutdanning kan gi:

    • ny oppdatert fagleg kunnskap
    • praktiske ferdigheiter innafor ditt fagområde eller et heilt nytt fagfelt
    • personleg utvikling
    • moglegheit for å byggje nettverk
    • eit forhandlingskort i framtidas lønsforhandlingar
    • moglegheit for opprykk i stillingskategori
    • moglegheit for meir ansvar eller nye oppgåver på jobb

    Andre interessante studietilbod

    Sjå oversikt over alle våre vidareutdanningar og kurs