Hopp til innhald

Studieplan - Master i undervisningsvitenskap, deltid

Hausten 2013

Masterstudiet i undervisningsvitskap ved Høgskolen i Bergen kvalifiserer til undervisningsarbeid på ulike nivå i utdanningssystemet. Studiet plasserer undervisning som den grunnleggjande profesjonelle aktiviteten i læraryrket. Det er denne aktiviteten, slik den konkret blir gjennomført og slik den teoretisk kan beskrivast, som gir perspektiv til og set rammene for studiearbeidet. Studium av undervisning vil innebere å skaffe seg kunnskap om korleis ein planmessig og systematisk legg til rette for at elevar kan lære, korleis ein legg til rette for tileigninga og bruken deira av kunnskap og korleis ein handlar for å fremje danning. Undervisningsomgrepet impliserer på denne måten det komplementære omgrepet læring.

I studiet vel studenten eit fagområde for fordjuping og spesialisering. Dette kan vere fagfordjuping i engelsk-, norsk-,eller matematikk - didaktikk, eller det kan vere fagfordjuping i pedagogikk. Dette fagvalet avgjer kva for fag sjølve masteroppgåva skal skrivast innanfor.

Normert studietid for mastergraden er 2 års fulltidsstudium, som tilsvarer 120 studiepoeng. Dei innleiande fellesemna utgjer 45 sp og den fagspesifikke delen 75 sp. Dei to åra er eit samanhengande forløp, der masteroppgåva utgjer den samlande og mest omfattande studieinnsatsen. Studiet stiller store krav til sjølvstendig arbeid.

Masterstudiet er profesjonsbasert med grunnlag i allmennlærarutdanning, grunnskolelærarutdanning eller førskolelærarutdanning. Det tar utgangspunkt i den faglege og fleirfaglege kompetansen og interessa studentane har med seg som opptaksgrunnlag for masterstudiet. Eit anna utgangspunkt er den pedagogiske og didaktiske kompetansen dei har med seg frå grunnutdanninga. Dette gir studentane kunnskap om og dugleik i å leie barn og unge i læringsprosessar. Samtidig vil studiet formidle det perspektivet at fag og praksis både er integrerte i kvarandre og i ein kulturell, samfunnsmessig og institusjonell samanheng. Studiet har dermed ein allmenn kulturell danningsdimensjon.

Skole og barnehage er i konstant endring. Slik endring er både styrt og ikkje-styrt. Lærarar må ha endrings- og utviklingskompetanse for å kunne reflektere over og forandre eigen undervisningspraksis, og for å yte sitt til skolen eller barnehagen som lærande organisasjon. I tillegg treng læraren medvit om at i tillegg til skole og barnehage finst det mange andre arenaer der barn og unge konstruerer kunnskap og identitet. Læraren treng også sosial kompetanse for å kunne samarbeide og kommunisere med barn og unge, føresette og kollegaer, og yrkesetisk kompetanse for å kunne reflektere over val og holdningar som profesjonell yrkesutøvar. At skole og barnehage finst i eit fleirkulturelt samfunn, set alle dei kompetanseområda som her er nemnde, inn i ein ny samanheng.

Studentar ved studiet skal gjere seg kjende med innhaldet i studieplanen.

Arbeidsformer

Eit studium som kvalifiserer for forskings- og utviklingsarbeid, krev at studentane tek sjølvstendig og aktivt ansvar for eige læringsløp. Undervisninga blir organisert gjennom forelesingar, gruppearbeid, praksisutforsking og -observasjon, prosjektarbeid, seminar med presentasjonar, oppgåveskriving, rettleiing og studentrespons. Det blir lagt vekt på å etablere felles møtestader for diskusjon og samarbeid mellom studentar med ulike fordjupingsfag. Oppgåve- eller essayskrivinga vil i fleire tilfelle ta utgangspunkt i mindre, problemorienterte prosjekt der studentane prøver ut forskingsmetodiske arbeidsprinsipp. Slike prosjekt kan prøve ut aspekt ved problemstillinga i masteroppgåva. Det blir lagt opp til at arbeidet med masteroppgåva skal starte tidleg i studiet, og ha kontinuerleg fokus. I masteroppgåveseminara vil studentar presentere eige prosjekt i tillegg til at dei kommenterer framlegg frå medstudentar.

Opptaksgrunnlag

Opptaksgrunnlaget for master i undervisning er

  • tre år av grunnskolelærar eller allmennlærar-utdanning som inkluderer obligatorisk del (120 studiepoeng) og minst 60 studiepoeng i eitt av fordjupingsfaga i master i undervisning
  • treårig førskolelærarutdanning og dessutan minst 60 studiepoeng i eitt av fordjupingsfaga i master i undervisning
  • to-, tre- eller fireårig lærarutdanning. Minst 60 studiepoeng i eitt av fordjupingsfaga i master i undervisning
  • lærarutdanning med cand. mag.- eller bachelorgrad frå universitet eller høgskule med minst 60 studiepoeng i eitt av fordjupingsfaga i master i undervisning

Samla karakter for 60-studiepoengsfordjuping eller tilsvarande må være C, 2.7, tilfredsstillande eller betre for å kvalifisere til opptak.

Fordjupingskravet dannar grunnlaget for val av spesialisering i masterstudiet. Søkjarane må gi opp kva for eit 60-poengsfag dei vil arbeide vidare med i masterstudiet.

Søkjargrupper

Sidan studiet er lagt opp tverrfagleg, vil søkjarane bli delte inn i søkjargrupper etter val av fordjuping. Styret bestemmer kor mange studentar som skal takast opp i kvar enkelt søkjargruppe.
Søkjarar i same søkjargruppe konkurrerer innbyrdes. Dersom ei søkjargruppe ikkje blir fylt opp, kan styret bestemme at studenttalet i ei anna søkjargruppe skal aukast tilsvarande.
Søkjarane får ventelisteplass innanfor eiga søkjargruppe.
Styret kan bestemme at nokre studieplassar skal reserverast for utanlandske søkjarar.

Rangeringsreglar

Gjennomsnittskarakteren på vitnemålet for opptaksgrunnlaget ganga med 10.
Det blir gitt 3 tilleggspoeng for fullført høgare utdanning på minimum eitt år, ut over minstekravet for opptak.
Det blir gitt eitt tilleggspoeng per år inntil fem år for relevant yrkespraksis etter fullført minimumskrav for opptak. Relevant yrkespraksis er arbeid som lærar i skolen. For å oppnå tilleggspoeng for eitt års praksis, må søkjaren ha arbeidd i minst 80 % stilling i minst 8 månader.
Dersom det må veljast mellom søkjarar som har same poengsum, blir disse søkjarane rangert etter loddtrekning.

Opptakskomité

Opptakskomiteen består av representantar frå studieadministrasjonen og dei faglege tilsette. Opptakskomiteen vurderer og tar stilling til skjønnsmessige sider ved søknader.
Master i undervisning kvalifiserer for vidare studium på doktorgradsnivå.

Gradsnemning

Studiet fører fram til "master i undervisningsvitskap" ("Masters in Education"). På vitnemålet vil fordjupinga bli påført, slik at det der vil heite

  • "Master i undervisningsvitskap med fordjuping i engelsk fagdidaktikk" ("Masters in Educationwith English Didactics")
  • "Master i undervisningsvitskap med fordjuping i matematikk fagdidaktikk" ("Masters in Educationwith Mathematics Didactics")
  • "Master i undervisningsvitskap med fordjuping i norsk fagdidaktikk" ("Masters in Educationwith Norwegian Didactics")
  • Master i undervisningsvitskap med fordjuping i pedagogikk (¿Masters i Education with Pedagogy¿).

Mål

Studiet skal gi studenten vitskapleg basis for å styrke eiga kompetanseutvikling og spesialisering, for forskings- og utviklingsarbeid knytt til undervisning, og for opptak til forskarutdanning.

Studentane skal arbeide med å tileigne seg eit samansett omgrep om undervisning, som dei i løpet av studiet skal utdjupe og konkretisere i ulike fagkontekstar, avhengig av fordjupingsval.

Studentane skal gå ut av studiet med styrkt kompetanse for læraryrket.

Studentane skal kunne

  • arbeide med fagutvikling
  • vise brei orientering og evne til refleksjon på det fagdidaktiske feltet.
  • kjenne til og bruke kunnskap i vitskapsteori, forskingsmetodar og akademisk tekstarbeid på sjølvstendig måte i eiga forsking og formidling
  • vise kunnskap om og innsikt i karakteristiske trekk ved undervisningsverksemd og lærararbeid: vilkår og rammer, organisering, tilrettelegging og gjennomføring
  • utforske og analysere undervisningsverksemd og læringsmiljø i skole / barnehage i tråd med gjeldande forskingsetiske normer
  • beskrive og resonnere omkring endringsprosessar i skole / barnehage, deira forløp og årsaker og korleis slike prosessar kan initierast
  • reflektere over val og holdningar som ein del av sin yrkesetiske profesjonskompetanse

Organisering

Studiet er organisert som eit institusjonsbasert heiltidsstudium over to år. Studiet vil i mange tilfelle gå inn som fjerde og femte år i ei femårig grunnskolelærarutdanning eller barnehagelærerutdanning. Masterstudiet kan også takast som vidareutdanning etter fullført lærarutdanning.

1. år

  • Emne 1: Lærararbeid 10 stp
  • Emne 2: Vitskapsteori, metodar og akademisk tekstarbeid 20 stp

2. år

  • Emne 4, haustsemester: Fordjupingsfag (første halvdel) 15 stp
  • Emne 4, vårsemester: Fordjupingsfag (andre halvdel) 15 stp

 

3. år

  • Emne 3, haustsemester: Fleirfagsdidaktikk 15 stp
  • Emne 5, vårsemester: Masteravhandling

 

4. år

  • Emne 5: Masteravhandling 45 stp

Første studieår:
Emne 1 og 2 går parallelt i første studieår, med eksamen i slutten av studieåret. Studentane blir tidleg innretta mot refleksjonar rundt tema og problemstilling i masteroppgåva.

Andre studieår:
Rettleiarkontrakt blir skriven i første del av studieåret.

Arbeid med fordjupingsemnet, emne 4,(30stp) som rettar seg heilt inn mot den faglege spesialiseringa, og legg tyngd i arbeid med tema som er aktuelle for masteroppgåva, er lagt til dette studieåret. For å oppfylla krav til grunnskolelærarkompetanse, vil studentar som har bakgrunn i grunnskolelærarstudiet, og som har pedagogikk som fordjupingsfag får tilbod om denne første delen av emne4 (15 stp) i matematikk, norsk eller engelsk fagdidaktikk. Studentane kan etter avtale ha utanlandsopphald i andre studieår.

Tredje studieår:
Emne 3 (15sp) er lagt til femte semester. Det startar med ei konsentrert samling som innleiing til eit fleirfagleg utforskingsprosjekt i praksisfeltet. Arbeidet blir avslutta i slutten av semesteret med essay og posterpresentasjon. Sjette semester er satt av til arbeid med masteroppgåva.

Fjerde studieår:
Ferdiggjering og levering av masteroppgåva. Studentar som har spesialisering i engelsk fagdidaktikk skriv masteroppgåve på engelsk.