Hopp til innhald

Studieplan - Master i undervisningsvitskap, deltid

Hausten 2019

Masterstudiet i undervisningsvitskap ved Høgskulen på Vestlandet kvalifiserer til undervisningsarbeid på ulike nivå i utdanningssystemet. Studiet plasserer undervisning som den grunnleggjande profesjonelle aktiviteten i læraryrket. Det er denne aktiviteten, slik den konkret blir gjennomført og slik den teoretisk kan beskrivast, som gir perspektiv til og set rammene for studiearbeidet. Studium av undervisning vil innebere å skaffe seg kunnskap om korleis ein planmessig og systematisk legg til rette for at elevar kan lære, korleis ein legg til rette for tileigninga og bruken deira av kunnskap og korleis ein handlar for å fremje danning. Undervisningsomgrepet impliserer på denne måten det komplementære omgrepet læring.

I studiet vel studenten eit fagområde for fordjuping og spesialisering. Dette kan vere fagfordjuping i engelsk-, norsk-,eller matematikk - didaktikk, eller det kan vere fagfordjuping i pedagogikk. Dette fagvalet avgjer kva for fag sjølve masteroppgåva skal skrivast innanfor.

Normert studietid for mastergraden er 2 års fulltidsstudium (eller 4 års deltidsstudium), som svarer til 120 studiepoeng. Dei innleiande fellesemna utgjer 45 sp og den fagspesifikke delen 75 sp. Dei to åra er eit samanhengande forløp, der masteroppgåva utgjer den samlande og mest omfattande studieinnsatsen. Studiet stiller store krav til sjølvstendig arbeid.

Masterstudiet er profesjonsbasert med grunnlag i allmennlærarutdanning, grunnskolelærarutdanning eller førskolelærarutdanning. Det tar utgangspunkt i den faglege og fleirfaglege kompetansen og interessa studentane har med seg som opptaksgrunnlag for masterstudiet. Eit anna utgangspunkt er den pedagogiske og didaktiske kompetansen dei har med seg frå grunnutdanninga. Dette gir studentane kunnskap om og dugleik i å leie barn og unge i læringsprosessar. Samtidig vil studiet formidle det perspektivet at fag og praksis både er integrerte i kvarandre og i ein kulturell, samfunnsmessig og institusjonell samanheng. Studiet har dermed ein allmenn kulturell danningsdimensjon. Master i undervisningsvitskap kvalifiserer for vidare studium på doktorgradsnivå.

Skole og barnehage er i konstant endring. Slik endring er både styrt og ikkje-styrt. Lærarar må ha endrings- og utviklingskompetanse for å kunne reflektere over og forandre eigen undervisningspraksis, og for å yte sitt til skolen eller barnehagen som lærande organisasjon. I tillegg treng læraren medvit om at i tillegg til skole og barnehage, finst det mange andre arenaer der barn og unge konstruerer kunnskap og identitet. Læraren treng også sosial kompetanse for å kunne samarbeide og kommunisere med barn og unge, føresette og kollegaer, og yrkesetisk kompetanse for å kunne reflektere over val og holdningar som profesjonell yrkesutøvar. At skole og barnehage finst i eit fleirkulturelt samfunn, set alle dei kompetanseområda som her er nemnde, inn i ein ny samanheng.

Studentane skal arbeide med å tileigne seg eit samansett omgrep om undervisning, som dei i løpet av studiet skal utdjupe og konkretisere i ulike fagkontekstar, avhengig av fordjupingsval. Studentane skal gå ut av studiet med styrkt kompetanse for læraryrket. Studiet skal gi studenten vitskapleg basis for å styrke eiga kompetanseutvikling og spesialisering, for forskings- og utviklingsarbeid knytt til undervisning, og for opptak til forskarutdanning.

Studentar ved studiet skal gjere seg kjende med innhaldet i studieplanen.

Opptaksgrunnlag

Opptaksgrunnlaget for master i undervisning er

  • tre år av allmennlærarutdanning/grunnskolelærarutdanning som inkluderer obligatorisk del (120 studiepoeng) og minst 60 studiepoeng i eitt av fordjupingsfaga i master i undervisning.
  • to-, tre- eller fireårig lærarutdanning. Minst 60 studiepoeng i eitt av fordjupingsfaga i master i undervisning
  • lærarutdanning med cand. mag.- eller bachelorgrad frå universitet eller høgskole med minst 60 studiepoeng i eitt av fordjupingsfaga i master i undervisning

Samla karakter for 60-studiepoengsfordjuping eller tilsvarande må være C, 2.7, tilfredsstillande eller betre for å kvalifisere til opptak.

Fordjupingskravet dannar grunnlaget for val av spesialisering i masterstudiet. Søkjarane må gi opp kva for eit 60-poengsfag dei vil arbeide vidare med i masterstudiet.

Gradsnemning

Studiet fører fram til "master i undervisningsvitskap" ("Master´s in Education"). På vitnemålet vil fordjupinga bli påført, slik at det der vil heite

  • "Master i undervisningsvitskap med fordjuping i engelsk fagdidaktikk" ("Master´s in Education with English Didactics")
  • "Master i undervisningsvitskap med fordjuping i matematikk fagdidaktikk" ("Master´s in Education with Mathematics Didactics")
  • "Master i undervisningsvitskap med fordjuping i norsk fagdidaktikk" ("Master´s in Education with Norwegian Didactics")
  • "Master i undervisningsvitskap med fordjuping i pedagogikk" ("Master´s in Education with Pedagogy").

Søkjargrupper

Sidan studiet er lagt opp tverrfagleg, vil søkjarane bli delte inn i søkjargrupper etter val av fordjuping. Styret bestemmer kor mange studentar som skal takast opp i kvar enkelt søkjargruppe.
Søkjarar i same søkjargruppe konkurrerer innbyrdes. Dersom ei søkjargruppe ikkje blir fylt opp, kan styret bestemme at studenttalet i ei anna søkjargruppe skal aukast tilsvarande.
Søkjarane får ventelisteplass innanfor eiga søkjargruppe.
Styret kan bestemme at nokre studieplassar skal reserverast for utanlandske søkjarar.

Rangeringsreglar

Søkjarar vil bli rangert i høve til høgskolens forskrift om opptak til mastergradsstudier og vidareutdanningar.

Læringsutbytte

Ein kandidat som har fullført kvalifikasjon skal ha følgjande totale læringsutbytte

Kunnskap:

  • kjenne til og bruke kunnskap i vitskapsteori, forskingsmetodar og akademisk tekstarbeid på sjølvstendig måte i eiga forsking og formidling
  • ha kunnskap om og innsikt i karakteristiske trekk ved undervisningsverksemd og lærararbeid: vilkår og rammer, organisering, tilrettelegging og gjennomføring

Ferdigheiter

  • kan utforske og analysere undervisningsverksemd og læringsmiljø i skole / barnehage i tråd med gjeldande forskingsetiske normer
  • kan skildre og resonnere kring endringsprosessar i skole / barnehage, korleis slike prosessar oppstår og utviklar seg og korleis ein kan initiere dei.

Generell kompetanse

  • kan reflektere over val og haldningar som ein del av ein yrkesetisk profesjonskompetanse
  • kan arbeide med fagutvikling
  • viser brei orientering og evne til refleksjon på det fagdidaktiske feltet

Praksis

Studenten skal gjennomføre forskingspraksis i til saman 15 dagar. Det vil seie seks dagar i 1. semester, knytt til Emne 1, Lærararbeid og emne 2, Vitskapsteori, metode og akademisk skriving. Dei resterande ni dagane er knytt til emne 3, Fleirfagsdidaktikk. Fordjupingar (Emne 4, del 1 og 2) kan ha oppgåver knytt til praksisfeltet ut over dei 15 dagane som er nedfelt i dei respektive emneplanane.

Arbeidsformer

Eit studium som kvalifiserer for forskings- og utviklingsarbeid krev at studentane tek sjølvstendig og aktivt ansvar for eiga læringsutvikling. Undervisninga blir organisert gjennom forelesingar, gruppearbeid, praksisobservasjon, prosjektarbeid, seminar med presentasjonar, oppgåveskriving, rettleiing og studentrespons. Det blir lagt vekt på å etablere felles møtestader for diskusjon og samarbeid mellom studentar med ulike fordjupingsfag. Oppgåve- eller essayskrivinga vil i fleire tilfelle ta utgangspunkt i mindre, problemorienterte prosjekt, der studentane prøver ut forskingsmetodiske arbeidsprinsipp. Slike prosjekt kan prøve ut aspekt ved problemstillinga i masteroppgåva. Det blir lagt opp til at arbeidet med masteroppgåva skal starte tidleg i studiet, og ha kontinuerleg fokus. I masteroppgåveseminara vil studentar presentere eige prosjekt, i tillegg til at dei er kommentatorar til framlegg frå medstudentar.

Vurderingsformer

Det er i studieløpet varierte eksamensformer, som til dømes mindre forskingsoppgåver, essay, munnlege framlegg individuelt og i gruppe, og masteroppgåva.

Krav til studieprogresjon

Studenten må ta eksamen og ha bestått emna 1, 2, 3 og 4, før dei kan levere masteroppgåva i emne 5.

Internasjonalisering

Internasjonalisering er mogeleg i 3. semester. Kor ein kan reise, vil vere ulikt for dei ulike fordjupingsfaga.

Organisering

Studiet er organisert som eit institusjonsbasert heiltidsstudium over to år. Studiet vil i mange tilfelle gå inn som fjerde og femte år i ei femårig grunnskolelærarutdanning eller barnehagelærerutdanning. Masterstudiet kan også takast som vidareutdanning etter fullført lærarutdanning.

1. år  

  • Emne 1: Lærararbeid 10 stp
  • Emne 2: Vitskapsteori, metodar og akademisk tekstarbeid 20 stp

2. år 

  • Emne 4, haustsemester: Fordjupingsfag (første halvdel) 15 stp
  • Emne 4, vårsemester: Fordjupingsfag (andre halvdel) 15 stp

3. år  

  • Emne 3, haustsemester: Fleirfagsdidaktikk 15 stp
  • Emne 5, vårsemester: Masteravhandling  

4. år

  • Emne 5: Masteravhandling 45 stp

Første studieår:
Emne 1 og 2 går parallelt i første studieår, med eksamen i slutten av studieåret. Studentane blir tidleg innretta mot refleksjonar rundt tema og problemstilling i masteroppgåva.

Andre studieår:
Rettleiarkontrakt blir skriven i første del av studieåret.

Arbeid med fordjupingsemnet, emne 4 (30stp) som rettar seg heilt inn mot den faglege spesialiseringa, og legg tyngd i arbeid med tema som er aktuelle for masteroppgåva, er lagt til dette studieåret. For å oppfylla krav til grunnskolelærarkompetanse, vil studentar som har bakgrunn i grunnskolelærarstudiet, og som har pedagogikk som fordjupingsfag får tilbod om denne første delen av emne 4 (15 stp) i matematikk, norsk eller engelsk fagdidaktikk. Studentane kan etter avtale ha utanlandsopphald i andre studieår.

Tredje studieår:
Emne 3 (15sp) er lagt til femte semester. Det startar med ei konsentrert samling som innleiing til eit fleirfagleg utforskingsprosjekt i praksisfeltet. Arbeidet blir avslutta i slutten av semesteret med essay og posterpresentasjon. Sjette semester er satt av til arbeid med masteroppgåva.

Fjerde studieår:
Ferdiggjering og levering av masteroppgåva. Studentar som har spesialisering i engelsk fagdidaktikk skriv masteroppgåve på engelsk.