Avansert klinisk sjukepleie

Etter- og vidareutdanning

Studieprogrammet er eit svar på nokre av dei endringane samhandlingsreformen har til følgje for kommunehelsetenestas møte med de sjukaste eldre. Studiet er bygd opp rundt relevante og praksisnære pasienthistoriar fra kommunehelsetenesta. Oppøving av informasjonskompetanse i helsetenester til eldre vil bli vektlagt.

Vi tek ikkje opp nye studentar på dette studieprogrammet.

Studieprogrammet inneheld to emne, ELDHELS1006 og ELDHELS2006, på 15 studiepoeng kvar.

I kvart emne arbeidar studentane med oppgåver knytt til 3 pasientcase/pasienthistoriar relatert til eldre med alvorlig svikt i vitale funksjonar.

Emnet "Eldre med alvorleg svikt i vitale funksjonar" (ELDHELS1006) inneheld introduksjon til pasientgruppa eldre med svikt i vitale funksjonar og har eit særleg fokus på utvikling av samhandlings-, og informasjonskompetanse.

Emnet "Eldre med alvorleg svikt i vitale funksjonar II" (ELDHELS2006) byggjer på ELDHELS1006 og vektlegg utvikling av kompetanse i klinisk vurdering av pasienten, polyfarmasi og uheldig legemiddelbruk i tillegg til kunnskapsbasert praksis.