Opptakskrav og søknad
Opptakskrav
- enten generell studiekompetanse
- eller fullført og bestått treårig yrkesfagleg opplæring (innanfor relevant fagområde)
- eller fullført fagopplæring med fagbrev / sveinebrev (innanfor relevant fagområde)
- eller realkompetanse
Tilleggskrav
Opptaksprøve
Du må vere fylt 18 år. Erfaring frå dykking er ikkje nødvendig, men det er ein fordel å ha relevant fagutdanning og/eller yrkeserfaring. Du må ha godkjent legeattest for yrkesdykkarar, undersøkinga blir gjort ved studiestart av dykkarlege og er inkludert i utdanninga. Du må bestå ei opptaksprøve som m.a. består av fysiske testar. Dei fysiske testane består av:
- Cooper test: du må kunne springe på bane maks 12 min
- Yngre enn 30 år: 2500 meter
- Eldre enn 30 år: 2300 meter
- Eldre enn 50 år: 2100 meter
- Kvinner: 10 % kortare
- Svømme 25 meter under vatn i basseng, div. øvingar, hente opp gjenstandar m.m.
- Beretest: du må kunne bere vekt tilsvarande dykkarutstyr
- Klaustrofobitest: dykking i trykkammer
- Intervju med medisinsk personell
Datoer for opptaksprøver våren 2024:
Onsdag 24.04.2024 eller mandag 06.05.2024.
Påmelding sendes ut like etter søknadsfrist 15. april. Du bør sette av hele dagen for opptaksprøven.
Om å søke opptak til HVL
Kven passar yrkesdykking for?
Ein yrkesdykkar er aktiv, nøyaktig og har gode samarbeidsevner. Det er ein fordel om du er praktisk innstilt, likar utfordringar og er villig til å ta initiativ. Ein yrkesdykkar er først og fremst ein fagperson som gjer arbeid under vatn.
I dykkarutdanninga lærer du mange ulike dykkemetodar og former for undervassarbeid. Du lærer også korleis du skal fungere i eit dykkarlag. I tillegg til opplæring i dei fleste former for yrkesdykking, får du lære om dykkefysikk, fysiologi, dykkemedisin, førstehjelp, dekompresjon, utstyrslære, regelverk, HMS, sjømannskap, søkemetodar og dykkeleiing. Du vil også lære om anleggsarbeid, undervass-sprenging, varmearbeid, berging og legging av røyr, havbruk og allmennfag.
Yrkesdykking-utdanninga er på heiltid i Bergen.
Kva kan du jobbe med som yrkesdykkar?
Som yrkesdykkar er du involvert i for eksempel anleggs- og inspeksjonsarbeid av bruer, kaier, røyrleidningar og olje- og gassinstallasjonar. Andre arbeidsområde er berging ved skipsforlis, dykking innan havbruk, registrering av marinarkeologiske funn og servicearbeid på skip og flytande innretningar.
Yrkesdykkinga i Noreg har to retningar, dykking innanskjers og dykking i Nordsjøen. Begge retningar blir dekka av denne utdanninga.
Lønn: kva tener ein yrkesdykkar?
Ifølge Utdanning.no tener ein yrkesdykkar 661 920 i gjennomsnitt kr i året. Les meir om lønnsstatistikk for tolkar på Utdanning.no.
Kva blir du kvalifisert for etter dykkarutdanninga?
Dette er ei fagskuleutdanning som gir deg dei fleste sertifikata du treng som yrkesdykkar:
- Fagskulegrad yrkesdykking, 60 studiepoeng
- Grunnleggande inspeksjonsdykking
- Grunnleggande anleggsdykking og rørlegging
- Teoridel sprenging under vatn
- Brenning og sveising under vatn
- Berging
- Dykking innan havbruk
- Dykking med Nitrox som pustegass
- Dykkebevis B, grunnleggande tryggleiksopplæring
- Dykkesertifikat Klasse 1, Petroleumstilsynet
- IDSA Level 3 (Surface Supplied Offshore Air Diver)
- Sertifikat varmearbeid
- HMS-kurs, 40 timar
- Utdanninga kvalifiserer til opptak til bedriftsintern opplæring hos brann- eller redningskorps (modul C), som gir dykkebevis A+R, redningsdykking
Korleis er undervisninga?
Teoriundervisninga skjer i klasserom og gjennom praktisk dykking. Dei praktiske øvingane startar i basseng innandørs og held fram med øvingar i sjø frå landbaserte dykkepostar og frå fartøy.
Merk at store delar av studiet har obligatorisk oppmøte.
Studieavgift
Studieavgifta på kr 15.000 dekker utstyr og materiell for heile studieåret. I tillegg får studentar tilbod om kjøp av Ursuit dykkardrakter til redusert pris.