
Anerkjenning til barnehageforskinga ved HVL
BARNkunne har nyleg fått anerkjenning og ros i regjeringa sitt framlegg til statsbudsjett. I budsjettet vert det lagt vekt på viktigheita av å investere i barnehageforsking. BARNkunne har saman med FILIORUM ved UiS vist seg som ei suksesshistorie i denne samanhengen.
Forskingssenteret BARNkunne har mykje å markere for tida. Samstundes med at BARNkunne markerer sitt 5-års jubileum, blir forskingssenteret omtalt som ein suksess av ein internasjonal ekspertkomité, nedsett av forskningsrådet.
– Dette er ei påminning om viktigheita av barnehageforsking og korleis ny kunnskap om livet i barnehagen kan ha betydning for barn, familiar, personalet, barnehageeigarar, samt for arbeidslivet og samfunnet, seier forskingsleiar for BARNkunne Elin Eriksen Ødegaard.
Ekspertkomitéen har framheva fleire viktige aspekt som gjer BARNkunne til ein verdifull aktør innan barnehageforsking.
Viktig internasjonal aktør
BARNkunne har utmerka seg gjennom ein omfattande og aukande publisering av forskingsresultat. Med eit tett samarbeid med forskingsmiljø over heile verda kan BARNkunne dra nytte av ulike perspektiv og erfaringar. Den internasjonale forskingsverda har fått tilgang til innsiktsfulle funn og konklusjonar frå BARNkunne, noko som styrkar Noreg sin posisjon internasjonalt.
Gjer forskinga forståeleg
Ekspertkomitéen framhevar at BARNkunne har vist seg å vere dyktige formidlarar. Det er avgjerande at forskingsresultata når ut til dei som kan dra nytte av det, og forskarane i BARNkunne har vist stor evne til å formidle komplekse tema på ein forståeleg måte. Dei formidlar og oversett forsking til forskarar, barn, barnehagelærarstudentar og barnehagetilsette, og bidreg aktivt i samfunnsdebatten.
Det gode samarbeidet mellom BARNkunne og FILIORUM blir også trekt fram som ein suksess. Samarbeidet fremjar ein heilskapeleg tilnærming til barnehageforsking, og den tette samarbeidsforma sikrar at ressursar og kunnskap blir delt effektivt.
Relaterte saker
12 millionar frå Norges forskingsråd
BARNkunne får fortsette det gode arbeidet
Vant pris for beste artikkel