BARNkunne får fortsette det gode arbeidet

Då BARNkunne – Senter for barnehageforsking blei etablert, var målsettinga å bidra til ny kunnskap og ny praksis innan barnehagefeltet. No har Forskningsrådet gitt senteret tildeling på 25 millionar kroner for nye fem år.

Forskingsleiar, professor Elin Eriksen Ødegaard, er glad over å få fortsette arbeidet.

— Forskningsrådet anerkjenner med denne tildelinga det arbeidet vi gjer. Det tar tid å byggje kompetanse og kunnskap i barnehagesektoren, så med denne tildelinga har vi fått tillit til å fortsette å ha høge ambisjonar for barnehageforsking, seier ho. 

Utvikle viktig ressurs

— Det er ofte underkommunisert og underkjent kor viktig barnehagen er for barna. Det er ein danningsarena og ressurs for det berekraftige samfunnet vi må stå saman om å utvikle, seier Ødegaard.

BARNkunne har sidan senteret blei oppretta, levert forsking og drive fram utviklingsarbeid innan fleire viktige område blant anna med EX-PED-LAB, eit prosjekt om utforskande prosesser og pedagogisk innovasjon saman med barnehagesektoren. I haust starta også arbeidet med MoveEarly, eit forskingsprosjekt som har som mål å fremme ein pedagogisk praksis i barnehagen der bevegelse, leik og utforsking får spele ein større rolle. Eit anna viktig prosjekt er NORBARN, ein eigen forskarskule for barnehageforsking

Falkeblikk Stedje barnehage disse ute 2021.jpg

Ho er takksam og gler seg til å fortsette arbeidet:

— Eg er takksam for å ha moglegheita til å arbeide saman med høgt presterande forskarar som er engasjerte i å bidra i utviklinga av barnehagesektoren i Noreg og internasjonalt. Saman med partnarane våre skal vi ta vidare sats for å fortsette dette spanande arbeidet.

— Velfortent tildeling

Prorektor for forsking, Gro Anita Fonnes Flaten, er klar på at BARNkunne spelar ei viktig rolle og meiner tildelinga er velfortent:

— Dette er heilt fantastiske nyheiter. BARNkunne jobbar så godt og gjer eit arbeid som er svært viktig for Høgskulen på Vestlandet og ikkje minst for sektoren dei forskar samen med.

Tidlegare saker om BARNkunne 

RS4552_04803.jpg