Feira 27 doktorar
19. september blei HVL-doktorar frå 13 ulike land feira under den høgtidlege doktorpromosjonen.
– I høgskulen arbeider me systematisk for å få status som universitet. Men dykkar arbeid, kjære doktorar, viser at det profesjons- og arbeidslivsretta Universitetet på Vestlandet alt er i full utfalding, sa rektor Gunnar Yttri under sin tale.
Doktorpromosjonen er HVL sin tredje, og fann stad i Mimes brønn ved HVL, campus Bergen. Arrangementet vart også strøyma.
Rektor påpeika at vi er internasjonalt forplikta og regionalt forankra.
– Internasjonalt forplikta på det viset at me bidreg til ei berekraftig utvikling. Regionalt forankra på det viset at me samarbeider tett med regionale samfunns- og arbeidslivsaktørar. Dette gjer oss i stand til å forstå regionale behov og utfordringar, og å bidra til regional verdiskaping og utvikling, uttalte han.
– Stolt, audmjuk og nysgjerrig
Gjestetalar for årets doktorpromosjon var Feroz Mehmood Shah som er leiar for Akademiet for yngre forskere.
– Ver stolt, audmjuk og nysgjerrig, sa han til doktorane.
Høgskulelektor Leif Ole Dreyer ved Fakultet for teknologi, miljø- og samfunnsvitskap stod for talen på vegne av dei nye doktorane. Han takka laget av menneska som bidreg til at ein klarer å gjennomføre doktorgraden.
– Det har kravd både intellektuell og følelsemessig innsats, men vi klarte det! No har vi uante moglegheiter for samarbeid om forskingsresultata, sa han.
Danning, datateknologi, nautikk, ansvarleg innovasjon og helse
Til saman har 27 doktorar disputert ved HVL sine doktorgradsprogram sidan oktober 2023. Dekanar frå alle fakultet var til stades for å presentere doktorane frå våre fem doktorgradsprogram: Studiar av danning og didaktiske praksisar, Datateknologi - programvareutvikling, sensornettverk og berekningsorientert ingeniørvitskap, Nautiske operasjonar, Ansvarleg innovasjon og regional utvikling og Helse, funksjon og deltaking.
I lenkene under kan du lese meir om kva dei har forska på.
- Satheshkumar Kaliyugarasan 03.10.23
- Karolina S. Mæland 19.10.23
- Janne Sønnesyn 17.11.23
- Nanthini Nagarajah 20.11.23
- Remco Elric de Koning 21.11.23
- Gizem Ates Venås 29.11.23
- Gila Hammer Furnes 25.01.24
- Justus Sagemüller 05.02.24
- Steinar Søvde Haugland 06.02.24
- Leif Ole Dreyer 06.03.24
- Anton Tkachenko 13.03.24
- Øyvind Reehorst Kalsås 18.03.24
- Kirsten Lerum Indrebø 21.03.24
- Salah Alrabeei 16.04.24
- Cathrine Borgen 25.04.24
- Michele Gazzea 02.05.24
- Max Korbmacher 23.05.24
- Matthew Coffay 27.05.24
- Faraimo Jay Vai 30.05.24
- Nazerke Saparbayeva 03.06.24
- Joaquin Zenteno Hopp 05.06.24
- Cecilia Hammar Wijkmark 10.06.24
- Hilde-Margit Løseth 12.06.24
- Susanne Grødem Johnson 18.06.24
- Alice Demattos Guimarães 09.08.24
- Ståle Bye Teslo 20.08.24
- Mariann Iren Vigdal 22.08.24
Mellom talar og diplomoverrekking var det innslag med stor musikalsk breidde: Sigrid Moldestad på hardingfele, tidligare student Marcus Conesa på klassisk piano, Emmerhoff med dikttolking/rock og til sist soultonar frå Miss Tati og bandet hennar.
Det høgtidlege programmet var profesjonelt planlagt og gjennomført av arrangementsteamet og Medielab ved Høgskulen på Vestlandet.