Disputas: Språkskifte og språkbevaring på norsk

Janne Sønnesyn disputerer fredag 17. november 2023 for ph.d.-graden ved Høgskulen på Vestlandet med avhandlinga «Språkskifte og språkbevaring på norsk: Elevar sine val av skriftspråk på ungdomstrinnet».

Korleis er det å vere ung nynorskbrukar i Noreg i dag? Dette er eit sentralt spørsmål i Janne Sønnesyn si avhandling om språkskifte og språkbevaring blant eit utval 10. klassingar.

Som nynorskelev står ein i spennet mellom sine eigne språkval og dei strukturelle vilkåra som nynorsken har.

I avhandlinga si viser Sønnesyn at nynorskelevane og språksamfunnet dei er ein del av, er i eit kontinuerleg krinsløp, der individuelle språkval stadig påverkar kollektive språkbruksmoglegheiter som igjen påverkar språkbrukarane sine individuelle val.

Skulen som stillasbyggjar

Den norske språkpolitikken, særleg den som formar og vert forma i skulen, står fram som eit svært viktig strukturelt vilkår. Avhandlinga peikar på at skulen har ein sentral stillasbyggjarfunksjon for nynorskelevane, og at han er den viktigaste arenaen for nynorskbruken deira, men ho syner også at opplæringssituasjonen ikkje alltid legg godt nok til rette for ei opplæring som sikrar gode ferdigheiter og språkleg tryggleik.

Elevane gjev uttrykk for at dei opplever nynorsk som vanskelegare enn bokmål, og dei rapporterer til dømes om vekslande og til dels mangelfull eksponering for nynorsk gjennom språkmiljøet på skulen, samt at det føregår lite eksplisitt opplæring i nynorsk skriftspråk.

Ungdommar i språkleg krysspress

Avhandlinga synleggjer dessutan at nynorskelevane blir ståande i krysspress mellom ulike normforventningar, til dømes i lokalsamfunnet og på sosiale medium. Avhandlinga bidreg dermed til å auka kunnskapen om vilkåra for å vera ung nynorskbrukar, og kva som kan vera sentrale vilkår for bevaring av minoriserte språk.

Avhandlinga drøftar også moglege implikasjonar desse funna kan ha for didaktisk arbeid med nynorsk i skulen, som bevisst bruk av pedagogiske arbeidsmåtar som sikrar at elevane møter meir nynorsk i skulen, samt at språkval generelt, og skriftspråksval spesielt, bør verta meir tematisert gjennom heile det norske utdanningsløpet.

Personalia

Janne Sønnesyn (f. 1986) har mastergrader i engelsk lingvistikk og nordisk språk frå Universitetet i Bergen, og har sidan 2015 vore tilsett ved lærarutdanninga på Høgskulen på Vestlandet (HVL). Ho har vore stipendiat ved ph.d.-programmet Studiar av danning og didaktiske praksisar ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett ved HVL.

Prøveforelesing

Auditorium Storen, 2. etasje Høgskulebygget, Sogndal 
 17. november klokka 09.00

Disputas

Auditorium Storen, 2. etg Høgskulebygget, Sogndal
17. november klokka 10.30

Sakkunnig komité

  • Janus Mortensen, professor, Københavns Universitet
  • Toril Opsahl, professor, Universitetet i Oslo
  • Hege Myklebust, førsteamanuensis, Høgskulen på Vestlandet

Rettleiarar

Arbeidet med avhandlinga har vore rettleidd av professor Eli Bjørhusdal, Høgskulen på Vestlandet, professor Unn Røyneland, Universitetet i Oslo, og professor Oddmund Løkensgard Hoel, Høgskulen på Vestlandet.

Leiar av disputasen

Vegard Fusche Moe, prodekan for forsking ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett, Høgskulen på Vestlandet

Følg disputasen på Zoom  (passord 1234)