Presenterte utviklinga av det nye engasjerte universitetet

Viktige akademiske verdiar kan komme under press og i spel når HVL utvikar det nye engasjerte universitetet med høg kvardagskvalitet. Det var ei av linjene i rektor Gunnar Yttri sitt innlegg under den internasjonale EUA-konferansen i Budapest.

Den årlege EUA-konferansen var i år lagt til Budapest University of Technology and Economics. HVL stilte med fleire leiarar og medarbeidarar, og fredag 27. april heldt rektor Gunnar Yttri eit innlegg om utviklinga av det engasjerte universitetet i ramma av akademisk fridom og korleis handtere verdiar som kan komme under press.

Paperet som Gunnar Yttri la fram er arbeidd fram i lag med kollegar og studentar frå heile høgskulen; Lars Coenen, Christine Øye, Jill Merethe Loga, Ridvan CinarBodil Kjesbo Risøy, Margareth Eilifsen og Caroline Graave Nakling.

To grunnleggjande perspektiv og linjer vart løfta fram i presentasjonen til Yttri:

  • HVL si universitetsbygging; frå det eksepsjonelle til det kvardagslege, engasjerte og regionalt orienterte

    og

  • Verdiar som er under press og i «forhandling» med omgjevnadane i bygginga av det nye universitetet.

- Dette er viktige tema for oss som høgskule og vår profil.

- Eit tett samspel med omgjevnadene utfordrar oss og krev merksemd, klokskap og at vi er tydelege på alle nivå.

- Den akademiske fridomen og våre verdiar vil komme til å stå i eit press.

- Samstundes er dette også eit forskingsfelt i utvikling kor HVL har mange faglege stemmer som bidreg til å drive det framover. Her kan vi henta kunnskap til å handtere slike dilemma.

- Vi kan vera stolte over fagmiljøet. Ikkje minst hadde vi ein svært god kraft i avdøde Paul Benneworth som arbeidde hjå oss.

Sjå presentasjonen til Gunnar Yttri

Prorektor for forsking i HVL, Gro Anita Fonnes Flaten, deltok som ein av fleire leiarar frå HVL på konferansen i Ungarn.

- Årets konferanse er høgaktuell. Akademisk fridom og akademisk ytringsfridom er høgst relevante og viktige tema.  

- Det var sterkt å høyra innlegg frå leiinga ved ukrainske universitet om korleis deira situasjon er og kva dei treng hjelp og støtte til. Her kan universitet og høgskular i Noreg bidra for å hjelpa.

Fonnes Flaten seier at ho vil ta med seg perspektiva frå konferansen inn i arbeidet med akademisk ytringsfridom i HVL.

- Vi arbeider med Kierulf-rapporten som kom for ei tid sidan og her er det klare koplingar. HVL skal utarbeide ei høyring til denne rapporten og vi vil legge til rette for å engasjere tilsette og studentar i høgskulen no i mai og juni.

EUAlag.jpgHVL stilte med eit sterkt lag i Budapest. Her ser vi mellom anna rektor Gunnar Yttri, dekan Randi Skår, dekan Torbjørn Heyerdahl, økonomi- og arealdirektør Helge Skugstad, avdelingsleiar Elin Kvaale og seniorrådgjevar Solveig Grønsdal. Prorektor Gro Anita Fonnes Flaten og avdelingsleiar Svein Ove Eikenes var ikkje med då biletet blei tatt.

EUA_aud.jpg
Sesjonen med rektor Gunnar Yttri var godt besøkt.