Forskings – og utviklingsprisen 2021 går til forskargruppa Fysisk aktivitet og folkehelse
– Prisvinnaren demonstrerer mykje av det Høgskulen på Vestlandet ønskjer å vera, og det me som universitet ønskjer å gjera, sa rektor Gunnar Yttri då prisen blei delt ut på campus Sogndal i dag.
Sjå samtale mellom rektor Gunnar Yttri og prisvinnaren:
Professor Eivind Aadland, var til stades ilag med fleire frå forskargruppa.
– Sjølvsagt er det veldig stas å få ein så fin anerkjenning av ein stor jobb som mange har bidrege til. Vi driv med stor og kompleks forsking som krev tusenvis av timar, så for være ærleg har vi gjort ein kjempeinnsats!
Innovativ forsking på viktige område
Yttri var oppteken av å framheve at forskingsgruppa med sitt arbeid har bidrege til å flytte forskingsfronten, spesielt innan barnehageforsking:
– Prisvinnaren har over tid utøvd grundig og solid forsking på problemstillingar av stor innverknad for samfunnet rundt oss. Resultata er publisert internasjonalt og vert formidla nasjonalt. Funna styrkar ikkje berre kunnskapsallmenningen, men gir grunnlag for forbetringar i praksis, forbetringar som kan ha stor verdi for einskildmenneske og for samfunn, sa han.
Forskargruppa fysisk aktivitet og folkehelse står bak fleire omfattande studier. Forskingsprosjekta spennar breitt, blant anna fokusert på fysisk helse blant eldre, korleis infrastruktur kan legge til rette for meir aktivitet og arbeid med Frisklivssentralar i kommunar.
Eit viktig fokusområde for forskargruppa har vært barnehagar. Forskingsprosjektet ACTNOW, som såg på korleis ein kunne auke aktivitetsnivået i barnehagar i Sogn og Sunnfjord, er den største av sitt slag i verda. Og nyleg blei forskargruppa i lag med Senter for barnehageforsking – BARNkunne tildelt 25 millionar frå Norsk Forskningsråd under Fellesløftet for stort, tverrfagleg forskingsprosjekt kalla MoveEarly (Move-play-explore in early childhood education). Det er første gang Høgskulen på Vestlandet har vunne fram i denne kategorien.
– Dette er krevjande og viktig forsking, så det betyr utruleg mykje å få desse midlane sa Aadland om denne tildelinga.
Sterkare saman
Det er andre året prisen deles ut. Sist år var det Kari Dyregrov som fekk prisen, men i år går prisen til ei forskingsgruppe og ikkje ein enkeltforskar. Det har vore viktig for Forskings og innovasjonsutvalet som er ansvarleg for prisutdelinga å rette fokus på kor avgjerande slike konstellasjonar er for å skape forsking og vidareutvikle forskartalent:
– Vi er opptekne av å bygge gode lag på Høgskulen på Vestlandet. Det er avgjerande fordi det aukar kvaliteten på forskinga vår og bidreg til at vi kan ha større innverknad på samfunnet, seier prorektor for forsking Gro Antia Fonnes Flaten som leiar Forskings og innovasjonsutvalet.
Sjølv om ho er oppteken av å heie fram gode lag understrekar ho samstundes at gode lag krevjar gode leiarar:
– Som leiar av ei forskingsgruppe er du en nøkkelperson, og her spelar professor Eivind Aadland ein viktig rolle.
Professor Aadland meiner på si side at det å være fleire er avgjerande for å kunne drive med denne forma for forsking.
– Det er viktig at vi er mange, spesielt fordi store delar av forskinga vår er kvantitativ og handlar om å innhente enorme mengder med informasjon. Då er vi avhengig av store, gode lag.
Medlemmar i forskargruppa Fysisk aktivitet og folkehelse
Eivind Aadland, Hilde Bårdstu, Ellen Eimhjellen Blom, Birte Barsnes Frøyd, Kjersti Johannessen, Oddbjørn Kvalheim Holmøy, Øystein Lerum, Ada Kristine Ofrim Nilsen, Solveig Nordengen, Turid Skrede, Elisabeth Straume Haugland, Einar Ylvisåker, Katrine Nyvoll Aadland, Lars Bo Andersen, Kristoffer Buene Vabø, Tony Okely.
Les meir om forskargruppa: Fysisk aktivitet og folkehelse - Høgskulen på Vestlandet (hvl.no)
Om Forskings – og utviklingsprisen:
HVL lyste 2. juli ut FoU-prisen for 2021. I 2021 kunne bare forskningsgrupper verte nominerte. Fakultetene har nominert totalt ti forskergrupper, som alle er sentrale bidragsytere på sine felt.
- Prisen skal anerkjenne FoU-aktivitet av god kvalitet og strategisk relevans for HVL.
- Prisen skal stimulere til å vidareutvikle kvaliteten på forskinga, auka ekstern finansiering og internasjonal verdsetjing. Prisen er ein sum på 75.000 kroner og eit diplom.
- Det er Forskings- og innovasjonsutvalet (FI-utvalet) som har tatt initiativet til opprettinga av den årlege prisen. Utvalet er leia av prorektor for forsking, Gro Anita Fonnes Flaten.