Heidra ein sunn og sterk 50-åring

3000 fysioterapeutar har gjennom åra tatt utdanninga ved det som i dag er Høgskulen på Vestlandet. Sist veke blei 50-årsjubileet markert med innlegg om utdanning, forsking og viktige milepålar.

Professor Tobba Sudmann, som sjølv byrja i kull 7 i 1982, opna jubileumskonferansen. Ho fortalde om korleis Statens Fysioterapiskole Bergen blei etablert, og om rektor Jorunn Nerby Vannes sitt arbeid for å skape ei utdanning som skilte seg frå dei to som allereie fanst i Noreg.

– Flyttar du noko ut av Oslo, blir det ville protestar, sa ho med eit glimt i auge.

Bergensskulen blei rekna for å vere radikal, både når det gjaldt innhald og pedagogiske metodar.

– Vi treng friksjon for å utvikle faget, understreka Sudmann.

Eit viktig grep frå starten var ønsket om å utdanne fysioterapeutar til heile landet. Difor fekk studentane praksisplassar frå Kristiansand i sør til Kirkenes i nord.

I sitt innlegg løfta emerita Unni Vågstøl opp fleire sentrale milepælar i utviklinga av utdanninga, mellom anna etableringa av vidareutdanningar, hovudfag, master og ph.d.-program.

Arbeidsgruppa for 50-årsfeiringa var Kine Melfald Tveten, Tove Ask, Tobba Sudmann, Bente Frisk og Unni Vågstøl. Student Audun Syvertsen var også med i arbeidsgruppa, men er på utanlandsopphald dette semesteret. Helene Oestreich i HVL sitt arrangementsteam hadde ansvar for den praktiske gjennomføringa.  

Det blei mange gode samtalar mellom gjengen frå kull 1 denne jubileumsdagen. 

Gledeleg gjensyn

Om lag 250 personar deltok på jubileumsdagen og aldersspennet i salen var breitt. Ein stor gjeng reiste seg opp då kull 1 blei oppfordra til å vise andletet sitt. Det same skjedde då tidlegare studentar frå kull 2 og oppover skulle gi seg til kjenne. Og heilt bakarst i Mimes brønn sat også store delar av årets kull i bachelorutdanninga i fysioterapi.

Fedme, endometriose, hjerterytme

Etter den historiske gjennomgangen var det forskarar og studentar sin tur til å formidle frå sine oppgåver og si forsking. Her er oversikten over dei som presenterte:  

Behandling av kroniske sammensatte helseplager - professor Bente Frisk.

Livet etter alvorlig fedme - professor Eli Natvik.

Vestibulær rehabilitering - førsteamanuensis Mari Kalland Knapstad.

Fysioterapeutens rolle i vurdering av arbeidsdeltakelse førsteamanuensis - Tove Ask.

Presentasjon av bacheloroppgaver

  • Menn og prostata - David Wroldsen og David Adolfsen
  • Endometriose - Frida Moldestad og Karen A.H. Angvik
  • Spondylolysis hos idrettsutøvere - Mathias Skretteberg og Fredrik Øvreeide

Presentasjon av masteroppgaver

  • Hjerterytmeforstyrrelse hos kvinner - Gjertrud Haugen
  • Seksualitet i psykomotorisk fysioterapi - Maria Benjaminsen Kolås og Renate Alfernes

Presentasjon av pågående ph.d-. og post.doc.-prosjekt:

  • Implementering av appen Pust Deg Bedre for å styrke egenhåndtering hos pasienter med kronisk obstruktiv lungesykdom - Line Giusti, ph.d.-stipendiat, Institutt for helse og funksjon
  • Arbeidsmiljø for operatører på havvindinstallasjoner - Bente Nilsen Hordvik, ph.d. stipendiat, Handelshøgskolen og Institutt for helse og funksjon
  • Bevegelse, lek og utforsking i barnehagen Kine Melfald Tveten, postdoktor, Institutt for idrett, kosthald og naturfag og Institutt for helse og funksjon

Vi gratulerer med 50-årsjubileet til alle som er eller har vore ein del av fysioterapiutdanninga i Bergen!