Millionstøtte til forsking på samfunnsutfordringar, naturrisiko og areal under press

Høgskulen på Vestlandet leier to forskingsprosjekt og er partnar i tre andre som har fått støtte frå Forskingsrådet. Prosjekta handlar mellom anna om marin miljøforvaltning, fiskehelse og berekraftig arealbruk.

Når skip kjem til Noreg frå andre delar av verda, har dei ofte med seg meir enn berre varer og mannskap. På undersida av skroget kan det skjule seg eit heilt økosystem, med mikroorganismar som kan utgjere ein trussel mot norsk natur.

Gjennom forskingsprosjektet Mermaid, som har fått 11,9 millionar kroner frå Forskingsrådet, skal forskarar ved HVL, NORCE og NIVA undersøke kva som faktisk følgjer med på skipsskrog frå utlandet. Målet er å finne ut om mikrobiologiske samfunn som veks på skrog (biofouling) kan spreie framande artar og skade lokale marine økosystem.

Korleis vaske skip medan dei ligg i vatnet?

– Vi skal mellom anna samle inn prøver frå skipsskrog og bruke avanserte genetiske metodar (metagenom-analyse) for å kartlegge kva slags liv som finst der, fortel professor Ingunn Alne Hoell.

MERMAID skal også undersøke såkalla in-water cleaning systems (IWC), som vaskar skip medan dei ligg i vatnet.

Prosjektet startar i januar 2026 og vil vare i tre år. I tillegg til HVL-forskarane Ingunn Alne Hoell, Liv Reidun GrimstvedtMathilde Lindivat og Eliana Ruiz Martinez, deltek forskarar frå NORCE og NIVA. Prosjektet har også ei referansegruppe med sentrale aktørar frå næring og forvaltning knytt til prosjektet. Her er det representantar frå Sjøfartsdirektoratet, DNV, Bellona, Jotun, Wallenius Wilhelmsen Logistics og Ecosubsea.  

Forskingsbasert undervisning i ingeniørutdanninga

Det andre prosjektet har fått over 11 millionar kroner gjennom utlysinga Samarbeidsprosjekt for å møte utfordringar i samfunn og næringsliv. Målet er å styrke forskingsbasert undervisning i ingeniørutdanningane ved Høgskulen på Vestlandet. Viktige område i prosjektet er vatnbehandlingsteknologi, vatnkjemi og fiskehelse i resirkulerande akvakultursystem. Studentinvolvering i datainnsamling og praktisk forskning står også sentralt i prosjektet.  

Prosjektet er leia av førsteamanuensis ved Høgskulen på Vestlandet, Anne-Camilla Diesen Hosfeld .

– Vi skal undersøker korleis fjerning av CO₂ i slike system blir påverka av vatnkjemi og driftsforhold, og korleis dette igjen påverkar fiskevelferd og ytelse, seier ho.

Prosjektet er organisert i tre arbeidspakker. Den første handlar om utvikling av presise modellar for berekning av CO₂-fjerning og vurdering av design og driftsprotokollar. Den andre er laboratorieforsøk for å undersøke dei kjemiske faktorane si rolle i utvikling av nyrestein hos laks. Medan den tredje vil kartlegge effekten av salinitet, alkalinitet og vannet si hardheit på vekst, fôrutnytting og mineralisering i nyrene hos laksefisk.

I dette prosjektet samarbeider Høgskulen på Vestlandet med Danmarks Tekniske Universitet (DTU), Veterinærinstituttet (VI), Nofitec og Sævareid fiskeanlegg.

Ny forsking på matematikkundervisning og areal under press

I tillegg til desse to prosjekta, er Høgskulen på Vestlandet også partner i fire ulike prosjekt som no har tildeling under Forskerprosjekt for fornyelse (tematisk utlysning) og Samarbeidsprosjekt for å møte utfordringer i samfunn og næringsliv.

  • 12 millionar kroner er tildelt Enhancing Mathematics Teacher Education in Norway: Assessing the Present, Shaping the Future. Dette prosjektet er leia av NTNU. Frå HVL deltek førstelektor Gry Anette Tuset.
  • 10, 47 millionar kroner går til Green Industry and Land-use Governance: Interests, Power and Institutions. Dette prosjektet er leia av Fridtjof Nansens Institutt. Frå HVL deltek professor Yngve Skjærseth Nilsen.
  • 10,5 millionar kroner er tildelt Green blood: Undressing hierarchies to reduce pressure on land through Forest Finn perspectives. Dette prosjektet er leia av OsloMet. Frå HVL deltek professor Gunn Helene Engelsrud.
  • 12,5 millioner går til FORMASS - FORests land use MAnagement for Safe and Sustainable Societies. Dette prosjektet er leia av Norges Geotekniske Institutt. Frå HVL deltek førsteamanuensis Denise Christina Rüther.