Fire nye toppleiarar tilsett ved HVL

Høgskulestyret har i styremøtet 24. april tilsett to prorektorar og to dekanar.

Det var ved styremøtet ved HVL, campus Bergen at dei fire nye toppleiarane blei tilsett i åremål for perioden: 1.8.2025-31.7.2029. 

Her er dei fire nye leiarane

Styreleiar Arvid Hallén gratulerer dei nye leiarane.

– Styret har tilsett fire leiarar med brei erfaring og solid kompetanse. Dei kjenner høgskulen, sektoren og Vestlandet godt, og dei blir viktige i arbeidet med å realisere og utvikle det nye universitetet på Vestlandet saman med tilsette, studentar og samarbeidspartnarar.

– Styret vil ønskje dei lykke til i arbeidet. 

Dei fire leiarane vil frå 1. august 2025 i lag med dekan for Fakultet for teknologi, miljø- og samfunnsvitskap, Jens Kristian Fosse, prorektor for forsking, Christine Øye, og dei to direktørane Tage Båtsvik og Helge Skugstad, bli ein del av den nye leiargruppa til rektor Gunnar Yttri.