Styrkar forskinga i det framtidige universitetet

Høgskulen på Vestlandet styrkar satsinga på forsking og tildeler til saman 36 millionar kroner til fire framifrå forskingsmiljø og to tverrfaglege forskingssamarbeid.

Midla går til eksisterande forskingsmiljø i HVL som har potensial til vekst og utvikling.

– Dette er sterke miljø som har forsking av stor samfunnsrelevans. Målet er å stimulere til vidareutvikling av desse forskingsmiljøa. Dette skal styrke forskingsaktiviteten mot det kommande Universitetet på Vestlandet, seier prorektor for forsking ved Høgskulen på Vestlandet, Christine Øye.  

Kvart miljø får 6 millionar kroner kvar, fordelt over ein periode på tre år.  

– Samtidig ligg det ei forventing til at desse miljøa skal søke om eksterne midlar for å styrke forskinga ytterlegare, legg Øye til.  

Ho understrekar at det var hard konkurranse og at det totalt kom inn svært mange gode søknader - 16 til framifrå forskingsmiljø og 9 til radikalt tverrfagleg forskingssamarbeid.   

I utgangspunktet var det lyst ut midlar til eitt framifrå forskingsmiljø og eitt tverrfagleg forskingssamarbeid. Men etter behandling i styret blei det vedtatt å styrke satsinga og tildele midlar til fleire.   

– For dei framifrå forskingsmiljøa vart den forskingsmessige styrken, prosjekta og planane framover særleg vektlagt. Dei tverrfaglege forskingsprosjekta som vann fram, argumenterte godt for betydninga av det radikalt tverrfaglege for å løyse viktige samfunnsutfordringar, forklarer Øye.  

Desse får tildeling som framifrå forskingsmiljø: 

Generativ kunstig intelligens og programvareutvikling

Generativ kunstig intelligens vil potensielt føre til store endringar i korleis programvare blir utvikla og korleis jobben som programvareingeniør vil sjå ut i framtida. Arbeidet handlar om å forstå og bidra til ei teknologisk utvikling som kan gjere programvareutvikling raskare og smartare, men som også krev at ein er bevisst på risiko og kvalitet. 

Prosjektleiar er professor Lars Michael Kristensen ved Institutt for datateknologi, elektroteknologi og realfag.

Helse og trivsel i barnehagar

Høgt sjukefråvær hos tilsette skapar utfordringar for bemanning og kapasitet i barnehagesektoren. Tiltak for å heve den pedagogiske kvaliteten i barnehagen og gi betre vilkår for god helse, utvikling og trivsel for barn, er dermed utfordrande å gjennomføre. Eit tverrfagleg miljø ved HVL med ekspertise innan fysisk aktivitet, helse, pedagogikk og organisasjon og leiing, vil forske på dette. Dei vil finne ut korleis ein kan betre helse og trivsel og redusere sjukefråvær hos tilsette og samtidig utvikle kvaliteten i barnehagen. Det er gjort lite forsking som nyttar eit breitt perspektiv på dette. Fysisk aktivitet er ein av fleire faktorar som kan ha stor betydning for både tilsette og barn. Målet er å utvikle heilskaplege tiltak saman med barnehagane som kan fungere i praksis. 

Prosjektleiar er professor Eivind Aadland ved Institutt for idrett, kosthald og naturfag.

Hydrogenproduksjon frå sjøvatn

I fotokjemisk hydrogenproduksjon brukar ein sollys til å splitte vatn og lage hydrogen, men prosessen krev reint ferskvatn som allereie er ein knapp ressurs i store delar av verda. Sjøvatn er det derimot rikeleg av, men inneheld salt og andre stoff som gjer produksjonen vanskeleg. Fagmiljøet har som mål å utvikle eit nytt reaktordesign (prototype) som klarer å separere gassane i salte forhold. Lukkast forskinga, kan det opne for effektiv hydrogenproduksjon til havs og lokal hydrogenproduksjon i solrike område der det er mangel på ferskvatn.

Prosjektleiar er førsteamanuensis Velaug Myrseth Oltedal ved Institutt for maskin- og maritime studium. 

Svangerskaps- og fødselsomsorg for innvandrarkvinner

Nær kvart tredje barn i Noreg blir fødd av ei kvinne med innvandrarbakgrunn. Desse  kvinnene har auka risiko for uheldige utfall i svangerskap, fødsel og barseltid. Utfordringar som språkbarrierar kan påverke både tilgangen og kvaliteten på helsehjelpa. Prosjektet skal styrkje oppfølginga av innvandrarkvinner ved å identifisere risikoutsette kvinner, utvikle eit verktøy som støttar klinikarar i risikovurdering, og evaluere mor‑til‑mor‑støtte for å redusere barseldepresjon og bidra til betre helse for mor og barn.

Prosjektleiar er professor Erica Schytt ved Institutt for helse- og omsorgsvitskap  

Desse får tildeling til tverrfagleg forskingssamarbeid: 

Data-assistert rehabilitering etter hjerneslag

Årleg får meir enn 12 000 personar i Norge og 12 millionar i verda hjerneslag. Dei fleste av desse personane treng systematisk rehabilitering og opptrening.  DARE er eit tverrfagleg forskingssamarbeid som spenner over ulike fagdisiplinar innan helse, innovasjon og robotikk. Gjennom å utvikle digitale løysingar får ein betre innsikt i korleis behandling verkar over tid. Data-assistert rehabilitering kan avlaste helsepersonell, gi meir persontilpassa i opptrening, og betre kvalitet i rehabiliteringa på tvers av sjukehus, kommune og heim.

Prosjektleiar er professor Erik Kyrkjebø ved Institutt for datateknologi, elektroteknologi og realfag. Haukeland Universitetssjukehus og Helse Førde er sentrale samarbeidspartnarar.

Personleg digital tvilling for vurdering av termisk risiko i ekstreme miljø

Å bli eksponert for ekstrem varme eller kulde påverkar kroppen, og i enkelte tilfelle kan det bli livstruande. Hovudmålet med det tverrfagleg samarbeidet, er å utvikle ein effektiv digital tvilling av ein menneskekropp som i sanntid skal kunne rekne ut korleis kroppstemperatur og helserisiko endrar seg når ein oppheld seg i veldig varme eller kalde miljø. Ved å gi meir persontilpassa og presise vurderingar, kan ein betre beskytte ulike personar med ulik kroppsgeometri. Teknologien kan hjelpe helsepersonell, redningsmannskap, tilsette i industri, idrettsutøvarar og andre som jobbar eller ferdast i ekstreme temperaturar.

Det tverrfaglege teamet har forskarar frå alle tre fakultet ved HVL og representerer kompetanse innan menneskeleg fysiologi, kunstig intelligens, og termisk fysikk. Prosjektet samarbeider også med Sintef helse, University of Sheerbrook i Canada, University of Portsmouth i Storbritannia.

Prosjektleiar er professor Boris Balakin ved Institutt for maskin- og maritime studium.