KI-kafé for studentar og tilsette - Bergen
KI-kafe er ei uformell samling der studentar og tilsette kan utforske korleis KI-verktøy kan brukast i arbeid og studium. Bibliotekar og inviterte faglærarar vil vere til stades for rettleiing, inspirasjon og spørsmål.

Arrangementet er ope for alle. Faglege bidrag vil variera etter tema og deltakarar.
KI-tavle - still og svar på spørsmål, del erfaringar og ressursar.
Sjekk kalenderen for å sjå neste KI-kafe.
Oversikt av KI-kafé
KI og eksamen (04.03.2026)
Eksamen er eit sentralt instrument i systemet som skal sikre at HVL utdannar kvalifiserte studentar til arbeidslivet. Vi har spurt ulike studium ved HVL korleis dei har gått i møte utfordringa med korleis generativ kunstig intelligens påverkar rammene rundt eksamen.
I lys av den førebelse rapporten frå Malthe‑Sørenssen‑utvalet og fleire Khrono‑artiklar om eksamen inviterar KI-kafé alle interesserte til samtale på Kronstadtorget om generativ KI og eksamensformar.
Følgande vil presentere kva endringar dei har gjort i eksamensforma, kva vurderingar som ligg til grunn, og kva foreløpige erfaringar og hypotesar dei har:
Eirik Haustveit, Høgskulelektor ved Elektoringeniørutdanninga, Institutt for datateknologi, elektroteknologi og realfag
Nina Goga, Professor ved Grunnskulelærerutdanninga, Institutt for språk, litteratur, matematikk og tolking
Piero Giovanni Luca Porta-Mana, Førsteamanuensis Dataingeniørutdanninga, Institutt for datateknologi, elektroteknologi og realfag
Gunhild Raunsgard, avdeling for studieadministrasjon eksamen deler om eksamensformer ved HVL og hennar oppfatning av utviklingen i sektoren.
Samtalen blir leia av universitetsbibliotekar Inger Marie Vik.
Etter presentasjonane vert det opna for dialog blant panelet og dei oppmøtte.
KI-kafé: Norwegian Artificial Intelligence Cloud (22.10.2025)
Er du forskar, PhD-student, lærar, gründer, del av ein *Startup eller SMB, og interessert i å utforske AI-metodologiar eller utvikle avanserte AI-modellar og algoritmar? Kanskje du har behov for større datakraft og lurer på kva alternativer for tungregning (HPC) som finst for deg?
22. oktober får KI-kafé besøk av representantar for NAIC (Norwegian Artificial Intelligence Cloud)- eit samarbeidsprosjekt mellom fleire norske universitet og forskingsinstitusjonar.
Vi får ein kort presentasjon av prosjektet før det blir opna for spørsmål og samtale mellom dei oppmøte.
Blant dei som presenterer er Daniel Kristiansen Gunleiksrud (UiB), tidlegare student ved HVL som våren 2025 leverte masteren Bridging AI and education: Not just another chatbot. Det vert ikkje ein presentasjon av oppgåva, men Gunleiksrud tek gjerne ein prat med interesserte studentar eller tilsette etter presentasjonen av NAIC.