Skrivesentertenester - Stord

Får du ikkje fram det du vil seie i teksten din? Lurer du på kva det er å skrive akademisk? Er det vanskeleg å kome i gang?

Stikk innom Skrivesenteret i andre høgda i biblioteket på Stord for ein prat. Her får du råd om

  • kjelder og referansar
  • problemstilling og struktur
  • argumentasjon og drøfting

Små og store spørsmål knytte til alle oppgåvetypar er velkomne. Vi har ope onsdagar 12.00-15.00 og elles etter avtale. 

Dersom du ønskjer rettleiing kan du òg ta kontakt med
Kåre Johan Mjør.