Ofte stilte spørsmål om Zotero
Her finn du løysningar på ein del vanlege Zotero-problem.
Zotero-fana er ikkje i Word
Her er nokre tips for å få fana tilbake.
Løysing 1 (Windows og MAC)
1. Lukk/avslutt Word.
2. I Zotero: Gå til Verktøy/Tillegg.
3. Om Zotero Word for Windows/MAC Integration ikkje er aktivert vil det stå: Enable til høgre.
4. Om Enable ikkje er klikkbar, kan du klikke på Remove, og starte Zotero på nytt.
5. Om du ikkje ser Zotero Word for Windows/MAC Integration, prøv løysing 2.
Løysing 2 (Windows og MAC)
1. Lukk/avslutt Word
2. I Zotero: Gå til Rediger/Innstillinger/Henvisning/Tekstbehandlere og klikk på Installer Microsoft Word tillegget/Installer Microsoft Word tillegget på nytt.
3. Om dette ikkje fungerer, kan du laste ned Zotero-programmet på nytt. Du treng ikkje å slette eksisterande versjon først.
4.  Om dette ikkje fungerte prøv løysing 3 eller 4.
Løysing 3 (Windows)
1. I Word: Gå til Fil/Alternativer/Tilpass båndet og hak av Utvikler i den høgre kolonna og klikk OK.
2. I Word: Gå deretter til Fil/Alternativer/Tillegg og sjekk at du har fila Zotero.dotm liggande i aktive tillegg.
3. Om du ikkje har fila Zotero.dotm: Gå til Behandle: Vel Maler og klikk på start.
4. Hak av for Zotero.dotm og klikk på OK. Dersom Zotero.dotm ikkje ligg i lista, klikk «Legg til...» og finn Zotero.dotm.
Denne finn du der du installerte Zotero på maskina di. Standard bane er:
C:/Programfiler(x86)/Zotero/Extensions/zoteroWinWordIntegration@zotero.org/install
Marker Zotero.dotm, og Opne, klikk så OK.
5. Om du har fila Zotero.dotm: Gå til Fil/Alternativer/Klareringssenter og klikk på Innstillinger for klareringssenter.
6. Under Tillegg: Sjekk at Krev at programtillegg er signert av en klarert utgiver og Deaktiver alle programtillegg ikkje er haka av.
7. Under Makroinnstillinger: skal Deaktiver alle makroer med varsling vere valt.
8. Restart Word.
Engelsk word:
1. I Word: Gå til File/Options/Customize ribbon og hak av Developer Mode i den høgre kolonna og klikk OK.
2. I Word: Gå deretter til File/Options/Add-ins og sjekk at du har fila Zotero.dotm liggande i aktive tillegg.
3. Om du ikkje har fila Zotero.dotm: Gå til Manage: Vel Templates og klikk på Go.
4. Hak av for Zotero.dotm og klikk på OK
5. Om du har fila Zotero.dotm: Gå til File/Options/Trust Center og klikk på Trust Center Settings.
6. Under Add-ins: Sjekk at Require Application Add-ins to be signed by Trusted Publisher og Disable all Application Add-ins ikkje er haka av.
7. Under Macro Settings: skal Disable all macros with notification vere valt.
8. Restart Word.
Løysing 4 (MAC)
1. Oppdater til Word 2016, eller nyare. Start Word på nytt. (Som student har du tilgang til gratis nedlasting av Office365 gjennom HVL)
2. I Word: Om Zotero-fana ikkje er synleg, gå til Word/Innstillinger/Vis
3. Under Bånd: hak av for Vis Utvikler-fanen
4. Gå til fana Utvikler/Word-tillegg og sjekk om fila Zotero.dotm ligg der og er huka av.
Engelsk Word:
1. I Word: Om Zotero-fana ikkje er synleg, gå til Word/Preferences/View
2. Under Ribbon: hak av for Show Developer tab.
3. Gå til fana Developer/Word Add-ins og sjekk om fila Zotero.dotm ligg der og er huka av.
Zotero-fana er ikkje i Google Docs
For å få fram Zotero i Google Docs må Zotero Connector vere installert.
1. Om du ikkje har Connector, installer og opne Google Docs på nytt.
2. Om du har Connector, prøv å avinstallere og derette installere det igjen. Opne Google Docs på nytt.
3. Høgreklikk på Connector i nettlesaren og vel «Dette innebærer lesing og endring av nettstedsdata». Klikk på «På docs.google.com». Opne Google Docs på nytt. Merk at den må stå på «På alle nettsteder» for å kunne laste ned referansar til Zotero.
Registrere brukar i Zotero
Vi anbefaler å registrere ein brukar i Zotero. Det gir deg mogelegheit til å få tilgang til Zotero-biblioteket ditt på fleire maskinar, og kunne skrive saman med andre.
I Zotero klikkar du på Rediger, Innstillinger, Synkronisering (MAC: Zotero, Valg, Synkronisering). Klikk på Opprett konto. Fyll ut skjemaet, og klikk på registrer. Du får ein e-post der du må validere e-post-adressa.
Når det er gjort, gå tilbake til Zotero og logg deg inn med brukarnamn eller e-post og passord. Klikk på OK. I Zotero-biblioteket klikkar du på den runde grøne pila oppe til høgre for å synkronisere.
Skrive saman med andre
For å skrive saman med andre eller dele ei gruppe med andre må begge vere registrerte brukarar, sjå Registrere brukar i Zotero.
Vi anbefaler å bruke Google Docs når du skal skrive saman med andre. Det er også mogeleg å bruke Word Online.
I Zotero klikkar du på den brune boksen med eit grønt plussteikn:
Vel «Ny gruppe…». Du blir sendt vidare til Zotero sine nettsider. Logg inn, og vel namn på gruppa, og om den skal vere privat (kun inviterte deltakarar) eller ikkje. Klikk på Create Group. Legg til medlemmer i gruppa under «Members Settings» og «Send More Invitations». Skriv inn e-post-adressa til dei som skal vere med i gruppa (OBS. dette må vere same e-post-adresse som dei har brukt til å registrere seg som brukar).
Dei du har invitert vil få ein e-post (sjekk også søppelpost) der dei må klikke på lenka og deretter klikke på «Join». Gå til Zotero og klikk på synkroniser (den runde grøne pila oppe til høgre), da skal den nye gruppa dukke opp i lista til venstre. For å legge inn referansar i den nye gruppa, gå til «Mitt bibliotek» og vel dei referansane du ønskjer og dra dei over i den nye gruppa. Klikk på synkroniser, og referansane vil vere synleg for alle medlemmane i gruppa.
Feilmelding i Google Docs
Litteraturlista i Google Docs ser slik ut:
Gilje, N. & Grimen, H. (1995). Samfunnsvitenskapenes forutsetninger: Innføring i samfunnsvitenskapenes vitenskapsfilosofi (2. utg.). Universitetsforl. http://urn.nb.no/URN:NBN:no-nb_digibok_2008021804022
Gå til Zotero og sjekk bøkene du har lagt inn. Har dei fått med seg ein URL som ser slik ut? https://nb.no/... eller http://urn.nb.no/... Denne URL-en treng du ikkje ta med, så slett det som ligger i URL-feltet. Husk å sjekk alle bøkene du har brukt i oppgåva di.
Når du har sletta URL-en i desse, gå tilbake til Google Docs og klikk på Zotero-fana og Refresh. Vent til den har oppdatert seg. Da skal litteraturlista vere riktig igjen.
Feilmelding i Word
«Word could not communicate with Zotero. Please ensure that Zotero is open and try again.»
Får du opp denne feilmeldinga må du sjekke at Zotero er open. Opne Zotero og prøv på nytt. Om Zotero er open og du framleis får denne feilmeldinga prøv å lukk alle programma dine og start maskina på nytt. Da skal det fungere.
Organisasjon eller departement som består av fleire ord
Gå til Zotero og klikk på referansen det gjeld, til høgre kan du redigere referansen. Klikk på den vesle grå boksen som ligg etter forfattaren og før minusteiknet. Da skiftar Zotero korleis namnet skal stå. For at det skal bli riktig skal boksen vere «delt i to». Slik:
Artiklar utan DOI får ikkje URL i referansen
Windows:
Gå til Zotero og klikk på Rediger, Instillinger. Deretter på Henvisning og nederst står det «Valg for henvisninger», der skal ruta vere haka av for Inkluder URL til trykte artikler i referansene.
Mac:
Gå til Zotero og klikk på Zotero (logo øvst til venstre), Valg. Deretter Henvisning og nederst står det «Valg for henvisninger», der skal ruta vere haka av for Inkluder URL til trykte artikler i referansene.
Legge inn to årstal i parentesen i Word
Dette må rettast manuelt på kvar enkelt referanse i teksten, men berre ein gong i litteraturlista.
Legg inn referansen som vanleg, klikk på referansen og klikk på «Add/Edit Citation», klikk på referansen (slik du gjer når du skal legge inn sidetal). Legg deretter inn det andre årstalet i Suffiks med bindestrek: -2020. Slik at den ser slik ut: (forfattar(ar), 2017-2020).
For å endre referansen i litteraturlista: Klikk på litteraturlista og klikk på «Add/Edit Bibliography», finn referansen i boksen til høgre og klikk på den. Nedst i ruta kan du redigere referansen. Legg til -2020 i parentesen med årstalet slik at den ser slik ut: Forfattar(ar). (2017-2020). Tittel. Klikk på OK.
Zotero-brukerstøtte
Har du spørsmål?