Øving på improvisert undervising i lærarutdanninga - Digital forskingskonferanse

Velkomen til digital konferanse 18. oktober 2023.

Gå til konferansen


Korleis kan ein i lærarutdanninga utvikla og etablera eit praksisbasert rammeverk der lærarstudentane får utvikla undervisingsrepertoar og improvisatoriske ferdigheiter gjennom systematiske øvingar og refleksjon?

I denne digitale konferansen set me søkelys på og vil drøfta forholdet mellom øving og improvisasjon i opplæringa av nye lærarar. 

Konferansen er retta mot lærarutdannarar og studentar som er opptekne av kvalitetsutvikling i lærarutdanninga, spesielt knytt til forholdet mellom praksis- og teoridelen av utdanninga.  Konferansen vil vere spesielt vinkla inn mot faga matematikk- og engelskdidaktikk, men vil og ha høg relevans for andre fagområde. Me ønskjer å leggje til rette for ein open og kritisk diskusjon om forholdet mellom instrumentalitet i undervisinga (forstått som øvingar) og "the beautiful risk of education" (forstått som improvisasjon), i lærarutdanninga.

Den digitale konferansen vert arrangert av Høgskulen på Vestlandet og forskingsprosjektet Rehearsing Teaching Professionally (ReTPro). Forskarane i ReTPro er Vigdis Vangsnes, Knut Steinar Engelsen, Gry Tuset, Sissel Høisæter, Michel Cabot, Hege Myklebust, Sigrid Haukanes og Linda Fylkesnes

Program

CET - Central European Time

09.00 – 09.10: 
Welcome to the conference, welcome to HVL (Leader of the project: Vigdis Vangsnes, Dean: Asle Holthe)
09.10 – 09.40:  Knut Steinar Engelsen and Vigdis Vangsnes: Rehearsal as means for building improvisational skills in teaching: Rehearsing Teaching Professionally - the ReTPro-projects.
09.45 – 10.15: Gert Biesta:  How to prepare for the incalculable? On teacherly artistry, absolute beginnings, and the role of rehearsal.
10.15 – 10.30: Break
10:30 – 11.00: Anna Sfard:  Routines:  What is it that we rehearse and how do we do it?
11.00 – 12.00: Panel about themes brought up by the keynote-speakers by 4 discussants: Joanne O’Flaherty, Elaine Munthe, Kari Smith and Ruth Leitch (facilitated by: Vigdis Vangsnes) (The keynote speakers participate)
12.00 – 12.45:  LUNCH
12.45 – 14.00:  Conversation with the keynotes (Zoom breakout rooms):
  • Group 1: (Gert Biesta.  Moderator: Elaine Munthe)
  • Group 2: (Anna Sfard. Moderator: Kari Smith and Joanne O’Flaherty)
14.00 – 14.10:  Break
14.10 – 15.30:  Subject-workshops in Zoom Breakout rooms



 

Førespurnad om bidrag

Me ber om at dersom du/de er interesserte i å bidra på konferansen sender inn:

  • Ein kort presentasjon/abstrakt (maks 500 ord) som skisserer anten
    • døme frå eigen LU-praksis der modellering/øving inngår
    • ein idé til korleis modellering/øving kan integrerast i lærarutdanninga
    • eit interessant teorigrunnlag for modellering/øving som kan bidra til operasjonalisering av fenomenet
    • eit sett av mål de ynskjer å oppnå når de arbeider med modellering/øving i LU
  • I fagleg orienterte arbeidsgrupper (workshops) vil det vere høve å gje korte presentasjonar av bidraga (10 min). 

Med utgangspunkt i keynote-presentasjonane på konferansen og dykkar bidrag ser me konferansen som eit høve til å tematisera eit grunnlag for ein felles antologi, med bidrag også frå deltakarane.

Presentasjonane og abstrakta kan anten vera på norsk eller på engelsk

Bidraga kan enten leggast inn gjennom påmeldingssystemet eller sendast på epost til:  retproconference@hvl.no

Påmeldingfrist for innsendelse av bidrag er 15.09.
Bidragsytarane vil få tilbakemelding på abstraktet innan 14 dager.

Keynotes

bilde av Gert Biesta

Gert Biesta

Educational Theorist and Philosopher

bilde av Anna Sfard

Anna Sfard

Scientist and Educator

bilde av Knut Steinar Engelsen & Vigdis Vangsnes

Knut Steinar Engelsen & Vigdis Vangsnes

Forskarar i Rehearsing Teaching Professionally (ReTPro)


Andre sentrale bidragsytarar på konferansen:

  • Kari Smith
  • Elaine Munthe
  • Ruth Leitch
  • Joanne O'Flaherty

 


Forskingsprogramleiar/Professor
Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett
Rådgivar
Høgskulen på Vestlandet