Berekraftig havteknologi og maritim sikkerheit

Havnæringane er blant våre mest globale næringar og er ei stor drivkraft for norsk økonomi. Men havet er også under press. Forsking er viktig for at Norge skal kunne vidareutvikle den maritime næringa i ei berekraftig retning.

Innanfor dette profilområdet jobbar vi med mellom anna med ny teknologi for operasjonar til havs, marin konstruksjonsteknikk og hydrodynamikk for skip, flytande konstruksjonar, undervassfartøy og forankringssystem.

Vi forskar også mykje på risiko og sikkerheit i maritime operasjonar, og undersøkjer menneskelege, organisatoriske og operative aspekt ved korleis risiko og sikkerheit blir styrt.

Under finn du informasjon om forskargruppene ved Fakultet for teknologi, miljø- og samfunnsvitskap som er knytt til berekraftig havteknologi og maritim sikkerheit.