Teknologi i helse- og omsorg

Helsesektoren vil møte store utfordringar som følge av demografiske endringar dei kommande åra. Bruk av informasjon frå sensornettverk og robotar er døme på bruk av ny velferdsteknologi innan omsorg og velferd.

I denne samanhengen, der målet er betre livskvalitet for brukarane, bidrar vi til auka bruk av teknologi i mellom anna prøvetaking og analyse. Vi deltek også i utviklinga av ny teknologi for kreftbehandling – i tett samarbeid med helsetenesta.

Under finn du informasjon om forskargruppene ved Fakultet for ingeniør- og naturvitskap som er knytt til temaet teknologi i helse- og omsorg