
FLKI og biblioteket lanserer boka "Vitskapsteori for lærarstudentar"
Kva har Kaptein Supertruse, Supermann og SK Brann med vitskapsteori og gjere?
I den nye boka Vitskapsteori for lærarstudentar har eit ensemble av HVL-forfattarar sett kokeplata på fullt for skilje damp frå materie og vitskap frå nonsense. Om det blir ei salig suppe eller om det blir destillert kunnskap til glede for masterstudentar har vi ikkje svaret på endå. På boklanseringa har vi invitert tre lærarstudentar – Alexander Papas, Thea Sofie Andersen og Andreas Bjordal - for å svare ærleg og tydeleg på nettopp det.
Målet med boka er for det første å gi inngangar til ei rekke vitskapsteoretiske grunnførestillingar. For det andre er det å vise konkrete døme på korleis teori kan brukast for å svare på dei store spørsmåla i livet. Eller dei små spørsmåla i masteroppgåva.
Om til dømes språk og diskursanalyse, om posthumane tilstandar, om vondskap, om algoritmar, om positivismens ukuelege optimisme, og om avkolonisering for å nemne nokre tematikkar.
Redaktørar av boka er Erlend Eidsvik og Edit Bugge.
Andre forfattarar: Kjersti Maria Rongen Breivega, Catharina Christophersen, Øyvind Kormeset Mellingen, Mari Sellevåg Aarø, Terje Hellesen, Kristoffer Jul-Larsen, Espen Helgesen, Lykke Guanio-Uluru og Fredrik Stenhjem Hagen.
Forlagsredaktør Ellen Skjold Kvåle frå Samlaget kjem også for å kaste glans over boka!
Varmt velkomen!