
HVL innsikt: Eitt år med Trump
Korleis har politikken hans endra USA og kva betyr det for verda?
Då Hilmar Mjelde oppsummerte Trump si første veke som president, kalla han det eit politisk blitzangrep. På få dagar signerte Trump ordre om å trekke USA ut av Parisavtalen og WHO, erklærte krisetilstand på grensa i sør og gjorde det til offisiell amerikansk politikk at det berre finst to kjønn.
Kva er så status eitt år seinare? Har USA blitt sterkare eller meir splitta? Og kva betyr dette for Europa og Noreg?
I dette frukostmøtet gir HVL-professor Hilmar Mjelde gir oss analysen av året som har gått og deler inntrykk frå sitt besøk i USA. Etterpå samtaler han med Sigmund Simonsen, professor i rettsvitskap, sjørett og militær ved Høgskulen på Vestlandet om internasjonal rett, tryggleik og Noreg si rolle i ei uroleg verd. Samtalen blir leia av Christine Øye prorektor for forsking, Høgskulen på Vestlandet
Dette arrangementet er ein del av HVL Innsikt, ein av Høgskulen på Vestlandet sine satsingar på populærvitskapleg formidling av forsking.
Velkomen til frukostmøte! Vi startar dagen med kaffi og lett servering.
Open for alle, men krever påmelding på grunn av plasskapasitet i rommet.
Gratis inngang.
Kart til rommet finn du her på Mazemap.
Arrangementet blir og strømmet. Sendingen begynner kl. 08.40!
Lenke for strømming : https://vimeo.com/event/5685292