SEMPER prosjektseminar

Campus Sogndal og Zoom
Time icon
Når:04. mai   08:30
Varer til: 05. mai 16:00
Legg til i min kalender

SEMPER (Self-Efficacy in Mathematics, Pathways in Education Research) er eit NFR-finansiert samarbeidsprosjekt mellom Høgskulen på Vestlandet (HVL), Universitetet i Stavanger, University of Oxford og Sunnfjord kommune. Hovudmålet i SEMPER er å utvikle kunnskap om elevane sine individuelle læringsprosessar i matematikk og å støtte lærarar i å utvikle si differensierte matematikkundervisning

Den første dagen av seminaret er tilpassa og særleg relevant for praksisfeltet; den andre dagen er tilpassa lokale og internasjonale forskarar. Begge dagane er opne for alle. Det er òg mogleg å følgje seminaret via Zoom. Lunsj på seminaret blir dekt for alle prosjektdeltakarar i SEMPER. Prosjektet dekkjer òg lunsj for dei 20 første som melder seg på, som ikkje er deltakarar i SEMPER.

SEMPER Prosjektside