KI-verktøy

Det finst mange KI-verktøy som kan vere nyttige. HVL vurderer verktøya som er omtala her som sikre å bruke om ein følger krav til personvern og opphavsrett, bruker forskingsserverar til lagring av forskingsdata, og berre deler data som er lovlege for dei ulike KI-verktøya.

HVL anbefalar språkmodellen GPT UiO, søkeverktøyet Keenious og transkriberingstenesta Autotekst. Du har sjølv ansvar for å vurdere verktøya du tar i bruk, og å sette deg inn i gjeldande regelverk og tilrådingar for kvart enkelt verktøy.

GPT UiO

HVL tilbyr GPT UiO for HVL som ei personvernsikker teneste for deg som er student eller tilsatt ved HVL. Det er ei rekke andre verktøy ein òg kan nytte. Vis ekstra kritisk medvit dersom du tek i bruk andre kommersielle verktøy som ikkje har databehandlaravtale, eller ikkje gjer greie for korleis data og personopplysningar vert handsama. 

Microsoft Copilot

Microsoft Copilot (tidligere Bing Chat Enterprise) er en kunstig intelligens-drevet løsning som ligner på andre kjente verktøy som for eksempel ChatGPT. Copilot er tilgjengeleg for tilsette ved HVL. Her finn du informasjon om Microsoft Copilot for tilsette.

Keenious

Keenious er eit KI-basert søkeverktøy som kan vere nyttig når du skal bli kjent med eit nytt fagområde. Keenious kan ikkje erstatte tradisjonelle søk i databaser, men kan tipse deg om forskingsartiklar som kan vere relevante for deg. Du kan legge inn tekst eller laste opp ein pdf. Les meir om Keenious på HVL-biblioteket sine sider.

Autotekst

Autotekst er ei teneste for transkribering av tale til tekst som er utvikla av UiO og køyrer på serverar ved UiO. Du kan mellom anna bruke Autotekst til transkribering av lydopptak og teksting av video. Lenke til Autotekst og informasjon om universell utforming av lyd.