HVL søker ny toppleiing
Høgskulen er i sterk utvikling. Vi har som mål å bli det nye universitetet på Vestlandet, med ein profesjons- og arbeidslivsretta profil. Vi søker no 4 dekanar og 3 prorektorar som vil inngå i rektor si leiargruppe og utgjere toppleiinga ved HVL.
Høgskulen på Vestlandet har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og maritime utdanningar, lærar-, kultur- og idrettsfag, natur- og samfunnsvitskap, og økonomi og leiing. Vi har fem campusar på Vestlandet i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund. Vårt mål er å bli eit universitet med ein tydeleg profesjons- og arbeidslivsretta profil.
Frå 1. august 2021 søker vi fire dekanar til å leie fakulteta våre, og tre prorektorar i forsking, utdanning og regional utvikling som vil inngå i rektors leiargruppe:
Utdannings- og forskingsmiljø - fire fakultet
- Fakultet for ingeniør og naturvitskap - 3000 studentar fordelt på campusane Førde, Sogndal, Bergen og Haugesund.
- Fakultet for helse og sosialvitskap - 4 900 studentar fordelt på campusane Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.
- Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett - 6000 studentar fordelt på campusane Bergen, Sogndal og Stord.
- Fakultet for økonomi og samfunnsvitskap - 2 300 studentar fordelt på campusane Bergen, Haugesund og Sogndal.
Søknadsfrist 28. februar
Vil du vere med å bygge det nye universitetet på Vestlandet, og bidra til å styrke høgskulen sitt samspel med samfunns-og næringsliv i kunnskapsutviklinga på Vestlandet? Vi vil gjerne ha deg med på laget!