Sirkulærdagen på Stord 22. april
Sirkulærdagen rettar fokus mot ein meir klimasmart og miljøvennleg kvardag. Kva for moglegheiter har vi innan gjenbruk, matsvinn og resirkulering? Kan vi med enkle grep leve meir berekraftige liv?
Velkomne til Sirkulærdagen på Stord! Sirkulærdagen er for tilsette, studentar og andre interesserte som vil ta turen til HVL. Målet med dagen er å bli meir bevisst, og å peike på løysingar med hovudfokus på kortreist mat, robuste barn, kle og bruk av energi.
Program 22. april
Frukostmøte
Når: 08:30-09:30
Kor: UND103
Meld deg på her
Høgtlesing og interaktivitet
Når: 10:00-11:00
Kor: Biblioteket/amfiet
Vi inviterer barnehager til høgtlesing av Olle Kråkebolle!
Folkehelsearbeid i barnehagen v/ Ruth Vihovde og Brynhild Størkersen Herheim
Når: 11:15-12:15
Kor: UND103
Føredraget om folkehelsearbeid i barnehagen handlar om å bygge overgangskompetanse hjå barnehageborn, slik at dei skal meistre overganger til nye arenaer også seinare i livet.
Qi Gong - indre berekraft-tid
Når: 13:00-14:00
Kor: Gymsalen
Bli med når Linda Breistig held ein Qi Gong-økt under Sirkulærdagane på Campus Stord! Qi Gong er ei gamal kinesisk heilingsmetode som vert brukt for å løyse opp spenningar og blokkeringar i kroppens energibanar. Gjennom rolige, flytande rørsler kombinert med avslappa fokus og pust, får kroppen betre føresetnader for å heile og regulere seg sjølv.
Linda har mange års røynsle med yoga, pilates og Qi Gong. Ho har i tillegg eit solid grunnlag innan somatisk traumeterapi, stresshandsaming og fysioterapi. Dette gjev ho ein heilskapleg tilnærming som tek omsyn til både kropp og sinn.
Velkomen til ei stund med ro, rørsle og ny kunnskap!
Velkommen til bytetorg heile veka
Byt fritt blant dei ulike bytetorga, så lenge du tar same mengde som du leverer inn.
Når: Mandag 20. april kl. 10.00 - fredag 24. april
Kor: Vrimlearealet ved kantina
Kledebyte - Lever inn heile, fine og reine klesplagg, så mange du vil. Finn deg eit 'nytt' fint antrekk, eller noko anna du vil ha frå dei andre byttetorga. Ansvarlege: Mariann og Kajsa.
Plante-/stiklingsbyte - Merk plantene dine med plantenamn og sett på plantebordet. Gi ei ny plante ein god heim, eller finn noko anna du vil ha. Ansvarleg: Bente.
Bokbyte- Har du ei bok eller fleire du vil gi vekk? Plasser i bokhylla og forsyn deg med ei ny, eller noko anna du har lyst på. Ansvarleg: Hanna.