Utdanningsutvalet ved FHS

Utdanningsutvalet ved Fakultet for helse- og sosialvitskap skal vere ein arena for erfaringsdeling og bygging av kvalitetskultur i fakultetet. Utdanningsutvalet skal gje innspel og råd til dekan i strategiske og politiske utdanningssaker. Utdanningsutvalet kan få delegert mynde frå dekan til å fatte vedtak i utdanningssaker.

Utdanningsutvalet FHS føljer nytt mandat frå 1. januar 2026.

Funksjonstid

Utvalet si funksjonstid er fire år; frå 01.01.2026 til 31.12.2029. Fagtilsette og ekstern representant sit i fire år, studentrepresentantane sit i eitt år.

Møtefrekvens 

Det er normalt to møter per semester.

Sakspapir og protokoll

Frå januar 2026 vil sakspapir og protokoll frå møta publiserast i Opengov (lenke kjem)

Tidlegare referat

Honorar

Deltaking frå studentar og eksterne medlemmar blir honorert etter statens regulativ.

Samansetting

Faste medlem med stemmerett:
Prodekan for utdanning (leiar): Ane Solbraa
Nestleder og stedfortreder for prodekan, Instituttleder Gunnar Slettaløkken

Vitskaplege representantar:
Fagseksjonsleiar: Vigdis Reisæter, IVD
Vitskapleg tilsette: Lena Victoria Nordheim, IHF og May Kristin Valen, IHO

Studentrepresentantar:
Fakultetstillitsvald student: Juliana Vikne IHO
Fakultetstillitsvald student: Markus K. Tjøsvoll IHO

Representant frå studieadministrasjonen: Hilde Kristin Tveit

Ekstern representant frå anna høgare utdanningsinstitusjon: Toril Forbord, NTNU

Sekretariat: Elisabeth Aase Sæther/Hilde Kristin Tveit

Vararepresentantar:
Instituttleiar: Øyvind Reehorst Kalsås, IVD
Vitskapleg representantar:
        Fagseksjonsleiar: Katrine Aasekjær IHO
        Vitskapleg tilsette: Ingunn Barmen Tysnes, IVD og Lars Kyte, IHO

Ekstern representant frå anna høgare utdanningsinstitusjon: Yngve Røe, OsloMet

Mandat for utvalet

Utdanningsutvalet skal vere ein arena for erfaringsdeling og bygging av kvalitetskultur i fakultetet. Utdanningsutvalet skal gje innspel og råd til dekan i strategiske og politiske utdanningssaker. Utdanningsutvalet kan få delegert mynde frå dekan til å fatte vedtak i utdanningssaker.

Strategisk rådgjeving
• Bidra til å sikre at utdanningar og studieprogram har høg kvalitet, samfunns- og
arbeidslivsrelevans
• Bidra til at utdanningar og studieprogram byggjer på fakultetet sin faglege profil og støttar opp strategisk utvikling knytt til internasjonalisering, forskingsbasert utdanning, fleksible utdanningar og EVU
• Gje råd om tiltak for god studentrekruttering og gjennomstrøyming i fakultetet sineutdanningar
• Drøfte og komme med innspel til strategiske satsingar for sikring og utvikling av dei tilsette sin utdanningsfaglege kompetanse ut frå fakultetet sine behov

Kvalitet i utdanning
• Bidra til oppfølging og vidareutvikling av fakultetet sitt arbeid med utdanningskvalitet
• Uttale seg på vegne av fakultetet i saker som gjeld utdanningsfeltet på institusjonsnivå
• Komme med råd og innspel til vidareutvikling av HVL sitt kvalitetssystem og
tilhøyrande prosessar.

Læringsmiljø
• Gje råd om tiltak for godt læringsmiljø og følge opp relevante saker frå HVL sitt
Læringsmiljøutval
• Følgje opp resultat frå studentevalueringar og kandidatundersøkingar relatert til fakultetet sine utdanningar

Kontaktpersonar

Prodekan for utdanning, FHS
Seniorrådgivar