Institutt for byggfag

Institutt for byggfag tilbyr utdanning på bachelor- og masternivå og er involvert i forskingsprosjekt nasjonalt og internasjonalt. Instituttet har om lag 535 studentar og over 35 tilsette.

Instituttet har utdanningsprogram i Bergen og Førde og samarbeider med universitet i Australia, USA og Europa om utvekslingsprogram. Vi har laboratorium med ein moderne instrumentpark, brei forskingsaktivitet og eit nært samarbeid med næringslivet.

Har du ein idé som du gjerne skulle vidareutvikla, men mangler tid i ein travel kvardag? Då kan eit oppgåvesamarbeid mellom våre studentar, HVL og di bedrift vere noko for deg!

Forsking og utdanning ved instituttet dekker område som:

  • Landmåling
  • Laserskanning av terreng og bygg
  • Eigedomsrett
  • Byggesak
  • BIM og teknisk tegning
  • Arealplanlegging
  • Vatn- og avløpsteknikk
  • Geoteknikk
  • Anleggsteknikk
  • Bygningsfysikk
  • Materiallære
  • Konstruksjonsteknikk
  • Prosjekt- og byggeleiing
  • Miljø, plan og infrastruktur
  • Berekraftig utvikling i byggenæringa
  • Verknaden av klimaendringar på prosjektering
  • Miljømerking av bustader
  • Teknologileiing og innovasjon
  • Universell utforming