Institutt for kunstfag

Institutt for kunstfag (IK) er basert i Bergen, Sogndal og Stord. Dei om lag 60 tilsette ved instituttet tilbyr ein brei portefølje av utdanningar til fleire hundre studentar. Utdanningane består av bachelor, master, årskurs, og etter- og vidareutdanningstilbod innan kunst og handverk, drama, musikk, grunnskulelærarutdanning (1-7 og 5-10) og barnehagelærarutdanning.

Institutt for kunstfag er proaktiv i nasjonale og internasjonale forskingsaktivitetar, innovasjon innanfor virksomhetsområdet til instituttet, og formidling av både aktivitetar og resultat. Desse er integrert i både utdanningane og veksemda til dei tilsette. Institutt for kunstfag har dermed som mål å vere ei drivkraft for utvikling av kunstfagundervisning av høg kvalitet i norsk og internasjonal skule.

Leiinga i instituttet 

bilde av Hege Gjerde Sviggum

Hege Gjerde Sviggum

Instituttleiar ved Institutt for kunstfag

bilde av Guri Margrethe Giæver

Guri Margrethe Giæver

Assisterande instituttleiar med funksjonsansvar for barnehagelærarutdanning (BLU), partnarskap, heilskapleg system for kompetanse- og karriereutvikling for lærarar i barnehage og skule

bilde av Charlotte Tvedte

Charlotte Tvedte

Assisterande instituttleiar