Fakultetsråd FLKI
Fakultetsrådet er rådgivande organ for dekanen ved fakultetet.
Mandat for fakultetsråd i HVL
Fakultetsrådet skal vere eit rådgjevande organ til fakultetet i overordna, strategiske saker som dekan legg fram. Rådet kan også på eige initiativ løfte fram saker av strategisk karakter. Dette er særleg viktig i saker som bidrar med eksterne perspektiv som styrker samfunnsrelevansen til fakultetet si verksemd.
Medlemane i fakultetsrådet representerer ikkje særinteresser, men skal ha heilskapen i fakultetet si verksemd knytt til strategiske målsettingar som rettesnor.
Det skal haldast 3-4 rådsmøte i året, med møtevarigheit på inntil 3 timar. Første møte i ein rådsperioden skal utvidast med gjennomgang av mandat, rolleforståing og forventingsavklaring blant rådet sine medlemar.
Funksjonstid og samansetnad
Rådet si funksjonstid følgjer dekanane sine åremålsperiodar.
Rådet vel sjølv sin leiar, som er ansvarleg for leiing av møta i rådet. Leiar kan vere ein ekstern representant. Dekan er ansvarleg for sekretariatsfunksjon for rådet. Alle representantar skal ha vara.
Fakultetsrådet er satt saman slik:
• Dekan
• Inntil 3 representantar frå vitskapleg tilsette ved fakultetet
• 1 representant frå administrativt tilsette ved fakultetet
• Inntil 4 eksterne representantar
• 2 studentrepresentantar
Medlemmer i rådet
Dekan Vegard Fusche Moe
UF-representantar:
Varamedlemmer, UF-representantar:
TA-representant:
Varamedlemmer, TA-representant:
Studentrepresentantar:
Kristina Hop og Linn Karin Østgulen
Eksterne
- Sølvi Olrich Sørebø: Seniorrådgjevar KS på utdanning og oppvekstområde
- Hillevi E. Runshaug: Områdeleiar i avdeling for opplæring og kompetanse, Vestland fylkeskommune
- Anne Hjermann: Direktør for utdanning- og vergemålsavdelinga ved Statsforvaltaren Vestland
- Jon Raundalen: Rektor ved Bergen kulturskole
Vara:
- Frode Ingvaldstad, KS
- Astrid Synnøve Hjellbakk, VLFK
- Anne Lene Østvold Jordåen
Reni Herland, sekretær
Her finn du sakslister og referat