Møt studentambassadørane Maria og Martine

Studentambassadørane ved Høgskulen på Vestlandet deler dagsferske erfaringar frå studiar og kan formidla både fag og studentliv med truverdig entusiasme.
Studentambassadørane Maria og Martine legg seg verkeleg i selen for å rekruttera studentar til Høgskulen på Vestlandet. Og for å gi unge menneske truverdig informasjon å bygga framtida på. Tema: Naturfag, teknologi og ingeniørutdanning.
 
Torsdag kveld vitja over 100 unge gutar og jenter Kronstad, campus Bergen, Høgskulen på Vestlandet. Dei vart tekne godt i mot av tilsette ved Fakultet for ingeniør- og naturvitskap som synte dei unge rundt på eit tipp-topp moderne campus med tilhøyrande laboratorium.
 
Men det heile vart leia av studentambassadørane Maria og Martine. Forutan å leia slike kveldar, reiser dei rundt på vidaregåande skular og fortel om det sterke og relevante studietilbodet i HVL, og då med særleg blikk på ingeniørutdanning, teknologi og naturfag. Det var berre so vidt dei kunne ta seg tid til ein prat med rektor mellom slaga.
 
Maria W. Delbekk er 21 år, studerer bachelor i geologi ved campus Sogndal. Ho er heimehøyrande i Fredrikstad, men er veldig glad i Sogndal, Vestlandet og vestlandsnaturen. Ho trekkjer fram dyktige lærarar og det omfattande feltarbeidet ved geologiutdanninga i Sogndal som eit viktig særpreg som gir særleg kvalitet til utdanninga. Ho siktar mot eit yrke som geolog, men har ikkje bestemt seg for masterprogram.
 
Martine Fjellstad Lien er 21 år, studerer til kjemiingeniør ved campus Bergen. Ho er heimehøyrande i Trondheim, men er svak for Bergen, Vestlandet og vestlandsnaturen. Ho har studiar i realfag ved Universitetet i Bergen, før ho gjekk i gang med ingeniørutdanning.
 
Ho dreg fram moderne laboratorium og sterk undervisning som viktige kjenneteikn ved kjemiingeniør-studiet på Kronstad. Etter at bachelor-graden er i hamn, siktar ho mot å koma ut i ein spanande jobb. So kan ho seinare ta meir utdanning, enkeltkurs eller mastergrad.
 
Studentambassadørane har det ved seg at dei sjølve har dagsferske erfaringar frå studiar og kan formidla både fag og studentliv med truverdig entusiasme. Takk for praten, Maria og Martine! Lukka til med arbeidet som studentambassadør og eigne studiar!