Utdanningsutvalet HVL

Utdanningsutvalet HVL har ny periode med nytt mandat frå 1.januar 2026 - 31.12.2029.

Mandat

Utdanningsutvalet skal vere ein arena for erfaringsdeling og bygging av kvalitetskultur på tvers av fakultet og avdelingar i HVL. Utdanningsutvalet skal drøfte, belyse og gje råd til rektor i strategiske og politiske utdanningssaker, og saker om sikring av kvalitet og relevans i utdanningane. Utdanningsutvalet fattar vedtak i saker der mynde er delegert frå høgskulestyret eller rektor.

Strategisk rådgjeving 

• Gje råd om tiltak og satsingar for å sikre at utdanningar har høg kvalitet, samfunns- og arbeidslivsrelevans, byggjer på HVL sin faglege profil og støttar opp strategisk utvikling knytt til internasjonalisering, forskingsbasert utdanning og livslang læring.

• Gje råd om tiltak for god studentrekruttering og gjennomstrøyming på alle campus og utdanningar.

• Gje råd om strategiske satsingar for sikring og utvikling av dei tilsette sin utdanningsfaglege kompetanse i HVL

Kvalitet i utdanning

• Vurdere og gje råd om implementering og vidareutvikling av kvalitetssystem for utdanning og tilhøyrande prosessar.

• Sikre at utdanningskvalitet vert satt på agendaen på ulike nivå i organisasjonen, i samarbeid med utdanningsutvala på fakulteta.

• Følgje opp resultat frå studentevalueringar og kandidatundersøkingar

• Følge opp og ta ansvar for utvikling og godkjenning av større endringar knytt til fellesemne for HVL

Akkreditering og godkjenning

• Akkreditere nye studieprogram og godkjenne nye studieplanar med eit omfang på over 60 studiepoeng etter delegert mynde frå styret. For masterutdanningar gjeld dette for fagområde der høgskulen kan tildele doktorgrad.

• Handsame søknadar om vesentlege endringar i studieprogram i tråd med gjeldande prosess og malar i kvalitetssystemet.

 

Medlemmer i perioden 1.1.2026 - 31.12.2029

  • Anne Grethe Naustdal, prorektor for utdanning (leiar) 
  • Ane Kristiansen Solbraa, prodekan for utdanning Fakultet for helse- og sosialvitskap
  • Anne Kristin Rønsen, prodekan for utdanning Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett
  • Brit Julbø, prodekan for utdanning Fakultet for teknologi, miljø og samfunnsvitskap
  • Atle Hole Sæterbakken, professor og merittert undervisar, FLKI
  • Ingunn Barmen Tysnes, førsteamanuensis, FHS
  • Juni Rugland (Unni Beite Rogvin),  leiar eining for studentopptak, avdeling for studieadministrasjon
  • Turid Bogetvedt Hitland, avdelingsleiar biblioteket
  • Anne Ringen Pedersen, Utdanningsdirektør Nord Universitet (ekstern medlem)
  • Hallgeir Mandelid Østensen, fag- og forskingsansvarleg, AU Studenttinget
  • Otto Thorbjørnsen, valt student

Medlemmene er oppnemnt for fire år, med unntak av studentrepresentantar som er oppnemnt for eitt år. 

Observatørar:

  • Elin Kvaale, nestleiar Avdeling for forsking, internasjonalisering og innovasjon 
  • Einar Brobakke, seniorrådgjevar,  verksemdstyring og internrevisjon
  • John Tveit, avdeling for Samfunnskontakt – arbeidsliv og livslang læring.
  • Lene Beate Kjemphol Loy, Studentombod HVL
  • Trine Anikken Larsen, personvernombod
  • Robert Isaksen, avdelingsleiar avdeling for utvikling av læring og undervising

Varamedlemmer:

  • NN,  Fakultet for helse- og sosialvitskap
  • NN, Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett
  • NN, Fakultet for teknologi, miljø- og samfunnsvitskap
  • Marcin Andrzej Fojcik, dosent og merittert undervisar, FTMS
  • Nina Goga, professor og merittert undervisar, FLKI
  • Gunhild Raunsgard, einingsleiar eining for eksamen
  • Gunhild Austrheim, biblioteket
  • Linn Karin Østgulen, student
  • Halvor Gillund Knudsen, studiedirektør, Universitetet i Innlandet

Avdeling for utdanningskvalitet har sekretæransvar for utvalet. Sekretær er Bente Sønsthagen.

Møteplan 2026

  • 12.02.2026
  • 26.03. 2026
  • 28.05.2026
  • 03.09.2026
  • 06.10.2026
  • 05.11.2026

Prorektor for utdanning
Utdanning
Fagansvarleg for utdanningskvalitet og porteføljeanalyse
Høgskulen på Vestlandet