Arbeids- og kompetanseområde
Eg er campuskoordinator for utdanninga i psykososialt arbeid med barn og unge på campus Førde og underviser og rettleier studentar på master i Samhandling og folkehelse
Eg er tilsett i forskings- og innovasjonsavdelinga i Helse Førde (frå januar 2025, 75%), der eg gjennomfører ein ph.d. i NorseImpact–prosjektet. Doktorgradsarbeidet er knytt til arbeidspakken Responsive and responsible research and innovation with service user participation, og undersøker korleis emerging adults erfarer og forstår psykisk helse i eit helsefremjande og health literacy-orientert perspektiv. Målet er å utvikle kunnskap som kan informere vidare innovasjon og tenesteutvikling for ungdom. Eg er ph.d.-kandidat i forskarutdanningsprogrammet RESINNREG.
Eg er utdanna grunnskulelærar (1–10) med lang erfaring frå arbeid med barn og unge i skule, fritidstilbod og fosterhjemsfeltet. Ei aukande interesse for psykisk helse førte til vidareutdanning i psykososialt arbeid med barn og unge ved HVL (2018), og master i Helsefremjande relasjonsarbeid (VID, 2022). Fagleg er eg særleg oppteken av helsefremjing, risiko- og beskyttelsesfaktorar, tverrfagleg samarbeid, og korleis tenester kan støtte barn og unge med samansette utfordringar.
Aktuell tematikk
-
Psykisk helse og helsefremjing blant ungdom og unge vaksne
-
Health literacy i eit helsefremjande perspektiv
-
Digital helse, innovasjon og tenesteutvikling
-
Psykososialt arbeid og samtalar med barn og unge
-
Traumesensitiv tilnærming i praksis
-
Skule, livsmeistring og helsefremjande skuleutvikling
-
Tverrfagleg samarbeid og «laget rundt eleven»
-
Brukarmedverknad og samskaping i forsking
- Bruk av visuelle metodar i forsking (autophotography, photo elicitation inreview)
Underviser i
-
Psykososialt arbeid med barn og unge
-
Helsefremjing og helsefremjing i skule
-
Tverrfagleg samarbeid og samhandling
-
Helsetenesteutvikling
-
Rettleiing i tverrfaglege rettleiingsgrupper
Forskargrupper
-
PERSONFORSK – Forskargruppe for personorientert helseforsking (HVL)
-
Tverrprofesjonelt samarbeid i praksis og utdanning (Høgskulen i Molde)
-
Samhandling for innovasjon i helse og omsorgstenestene (HVL)
-
Kvalitet og innovasjon i helse- og omsorgstenesta (HVL)
-
Deltakar i forskarskulen PROFRES
Anna erfaring
-
Emneansvarleg for Tverrfagleg utdanning i psykososialt arbeid med barn og unge. Vidareutdanning (60 stp):
-
Emneansvarleg for Pedagogisk rettleiing. Vidareutdanning (10 stp + 5 stp påbygg)
-
Rettleiing av prosjektplanar og masteroppgåver på studiet Samhandling og folkehelse
-
Undervisning på SYKF250 Folkehelse i eit nasjonalt og globalt perspektiv
- MS1-307, Masteroppgåve i samhandling og folkehelsearbeid, Vår 2026
- MS1-307, Masteroppgåve i samhandling og folkehelsearbeid, Høst 2025
- MS1-323, Samhandling – brukar og profesjonell hjelpar , Høst 2025
- MS1-328, Prosjektplan, Vår 2026
- PSBU101, Psykisk helse hjå barn og ungdom, Høst 2025, emneansvarlig
- PSBU102, Kompetanse og tenesteutvikling i psykososialt arbeid med barn og unge, Vår 2026, emneansvarlig
- PSBU105, Vitskapsteori, metode og etikk, Vår 2026, emneansvarlig
- SYKF250, Folkehelse i eit nasjonalt og globalt perspektiv, Vår 2026
- SYKF250, Folkehelse i eit nasjonalt og globalt perspektiv, Høst 2025