Hopp til innhald

MS1-323 Samhandling – brukar og profesjonell hjelpar

Emneplan for studieåret 2024/2025

Innhald og oppbygging

Emnet fokuserer på samhandling med pasientar/brukarar med langvarige og samansette behov. Gjennom arbeid med teoretiske omgrep og forsking skal studentane få inngåande kunnskap om korleis pasientar/brukarar kan erfare sjukdom, helse, sosiale vanskar og nedsett funksjonsevne. Emnet rettar vidare merksemd mot utfordringar og ressursar i ulike livsfasar og overgangar, samt kva nære pårørande og det øvrige nettverket betyr for pasienten/brukaren og for samhandling med hjelpeapparatet. Kunnskap om ressursmobilisering, brukarmedverknad, autonomi, makt, avmakt og myndiggjering er sentralt.

Emnet fokuserer og på hjelparen si rolle i samhandling med brukaren og brukaren sitt nettverk, frivillig sektor og på tverrprofesjonell samhandling. Det blir lagt vekt på ei kontekstuell tilnærming i møta og på kva institusjonelle rammer og menneskesyn har å seie for samhandlinga. Ei hjelparrolle som er ressurs- og løysingsorientert, sjølvstendig og i stand til å utarbeide samordna og individualiserte tilbod vert løfta fram. Sentrale tema er difor relasjonskunnskap og -kompetanse, fagleg skjønn og fagetikk. Emnet vektlegg øving i å analysere samhandling mellom pasient/brukar og hjelpar i det komplekse hjelpeapparatet, utarbeide forskingsspørsmål, og stille kritiske spørsmål til etablert praksis og eksisterande kunnskap.

Læringsutbytte

Ein student med fullført emne skal ha følgjande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap: Studenten...

  • har avansert kunnskap om pasient/brukarrolla, brukarmedverknad og myndiggjering.
  • har inngåande kunnskap om kva som kjenneteiknar pasientar/brukarar sine erfaringar og behov i eit kontekstuelt utviklings- og livsfaseperspektiv.
  • har avansert kunnskap om ulike perspektiv på samhandlinga mellom hjelpar og pasient/brukar, brukaren sitt nettverk og i tverrprofesjonelle møte.
  • inngåande kunnskap om etikk og fagleg skjønn som ledd i profesjonsutøving med pasientar/brukarar og i tverrprofesjonell samhandling.

Ferdigheiter: Studenten...

  • kan analysere vilkår for pasient/brukarmedverknad og myndiggjering for brukarar med samansette og langvarige behov.
  • kan kritisk reflektere over kva nære pårørande og det øvrige nettverket betyr for pasientar/brukarar, samt legge til rette for samarbeid med og støtte til nettverket.
  • kan mobilisere til pasient/brukarmedverknad.
  • kan i samhandling med pasienten/brukaren og brukaren sitt nettverk identifisere og diskutere pasienten/brukaren sine ressursar og behov i eit kontekstuelt utviklings- og livsfaseperspektiv.
  • kan analysere og reflektere kritisk over eiga rolle som profesjonsutøvar i lys av etiske og faglege perspektiv.
  • kan utarbeide og legge til rette for samordna og individualiserte tenester innafor helse- og sosialtenester i samarbeid med pasienten/brukaren, brukaren sitt nettverk og det faglege teamet.

Generell kompetanse: Studenten...

  • kan kritisk reflektere over, analysere og legge til rette for god samhandling i det komplekse hjelpeapparatet.
  • kan bruke vitskapleg litteratur om samhandling mellom pasient/brukar og profesjonell hjelpar til å analysere relevante problemstillingar.
  • kan bruke kunnskapsbaserte argument i diskusjonar om samhandling innan helse- og sosialtenester på individ og gruppenivå.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Varierte undervisnings- og læringsformer blir nytta i emnet. På samlingane vert det førelesingar, gruppearbeid og seminar med framlegg og diskusjon. Mellom samlingane må studenten setje av tid til skriftleg arbeid individuelt og i gruppe, digitale læringsformer og sjølvstudium.

Obligatorisk læringsaktivitet

Følgjande obligatorisk læringsaktivitet må være godkjend før studentane kan fremstille seg til eksamen.

  1. Innlevering av gruppetekst på min.1500 ord innan oppgitt frist.
  2. Deltaking på seminar med framlegg, medstudentrespons og tilbakemelding frå lærar.

Vurderingsform

Oppgåve Individuell oppgåve med sjølvvald problemstilling. Omfang: 3500 ord +/- 10%.

Vurderingsuttrykk Gradert karakterskala A til F, der karakterane A til E er bestått og F er ikkje bestått.

Ny eksamen Ved ikkje bestått leverer studenten bearbeidd, skriftleg oppgåvesvar til ny eksamen.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle

Meir om hjelpemiddel