Innføring i profesjonsretta og praksisrelevant FoU-arbeid gjennom Lesson Study
Prosjekteigar
Høgskulen på Vestlandet
Prosjekttype
Pedagogisk utviklingsarbeid
Prosjektperiode
August 2023 - Desember 2025
Prosjektsamandrag
I dette pilotprosjektet ønskjer me å utforska ein måte å betra praksisopplæringa på, slik at ho oppfyller måla i praksisplanen. Praksis er ein sentral del av lærarutdanninga, og i overordna del punkt 3.5 av Kunnskapsløftet er profesjonsfellesskap og skuleutvikling løfta fram:
Skolen skal vere ein profesjonsfagleg fellesskap der lærarar, leiarar og andre tilsette reflekterer over felles verdiar, og vurderer og vidareutviklar praksisen sin (Kunnskapsdepartementet, 2017).
I dette prosjektet vil me prøva å oppnå dette ved at studentane samarbeider med praksislærarane frå LU-skulen Rubbestadneset og faglærarar frå HVL i å nytta Lesson Study som metode for å nå måla i emneplan for praksis.