Mythology, folk tale and story-telling in education and pedagogy
Prosjekteigar
Høgskulen på Vestlandet
Prosjekttype
Anvend forsking
Grunnforsking
Utviklingsarbeid
Prosjektperiode
November 2016 - Desember 2019
Prosjektsamandrag
1) Gruppa utforskar skjeringspunktet mellom forteljing og meiningsskaping i fortid og notid. I førmoderne samfunn vart verda og samfunnet – både det nære og det fjerne – i stor grad forstått gjennom mytar, eventyr og segner som vart fortalde og dramatiserte. Dei skisserte korleis det lokale landskapet, universet og kreftene i verda kom til, sa noko om samfunnsklassane, kva som var normalt og unormalt, kva som var god og dårleg moral, osb. Slik strukturerte forteljingane verda og samfunnet og gav meining i tilværet, eller, rettare sagt: Slik skapte folk meining gjennom forteljingane, på nytt og på nytt, men i samspel med tradisjonen. Fascinerande nok appellerer dei same forteljingane til svært mange i dagens samfunn, trass i at livsvilkåra har endra seg så sterkt at det er vanskeleg å fatte. Ikkje minst i barnehage og grunnskule har denne typen forteljingar ei sentral rolle. Kvifor har dei det? Kva er det i desse forteljingane som talar til oss gjennom alle tider? Korleis kan vi forstå dei, djupast sett? Som samfunnsbyggande? Som tilslørande? Som avslørande? Korleis vart dei framførde / formidla den gongen, og korleis blir dei det i dag? – og korleis kan dei framførast / formidlast i dag? Kva funksjon har dei i dag, når natur- og samfunnsvitskap har overteke så mykje av den opphavlege forklaringsfunksjonen? Kva meining skaper folk ut frå slike forteljingar i dag?
2) Frå før er det forska mykje på eitt og eitt tema: mytologi, eventyr, segner, drama og pedagogikk, ein god del òg på (ideologisk) gjenbruk / resepsjon av mytologi og forteljingar. Det nye vi gjer er 1. Å sjå mytar, eventyr og segner under eitt som éin forteljingssjanger med meiningsskapande funksjon, 2. Å jamføre korleis desse forteljingane gjev meining i ulike situasjonar / tider, herunder det barnehage- og skulespesifikke: 3. Å utforske bruk og potensiale for bruk av mytar, eventyr og segner i barnehage- og skulesamanheng i dag, i samarbeid med praksisfeltet. Dette gjeld både i praktiske og estetiske fag og i meir teoretiske fag, der arbeid med slike forteljingar kan bidra til meir varierte arbeidsmåtar og tverrfaglege prosjekt med forankring i lokalsamfunnet (jf. Læringsplakaten og Ungdomstrinnsatsinga). For å kunne arbeide så breitt, er gruppa tverrfagleg, med kjernekompetanse både innanfor drama i skule- og barnehagesamanheng, uteskule og aktiviserande læring, storytelling, (allmenn) religionsvitskap, (førmoderne) historie, norrøn og samisk mytologi, og generell folketradisjon. Gruppa kjem til å publisere både fagdidaktikk og grunnforsking innanfor mytar / eventyr / segner.
3) Gruppa plasserer seg sentralt innan HiB-satsinga danning og didaktiske praksisar, i og med at danning kan definerast som «formingen av menneskets personlighet, oppførsel og moralske holdning gjennom oppdragelse, miljø og utdanning» (Store norske leksikon). Det er i denne prosessen mytar, eventyr og segner var avgjerande viktige i førmoderne samfunn og framleis spelar ei vesentleg rolle. Kva rolle dei får i danningsprosessane i framtida, er ikkje fastlagt, men kan påverkast. Gjennom felles dramatisering kan dei, fordi vi i stor grad blir forma av aktivitet, ikkje minst i lag med andre, få ei anna rolle enn vi vanlegvis tenkjer på.