Skrive for å lære i KRLE

Prosjekteigar

Høgskulen på Vestlandet

Prosjekttype

Utviklingsarbeid

Prosjektperiode

August 2018 - Juni 2020

Prosjektsamandrag

Prosjektet Skrive for å lære i KRLE (= faget Kristendom, religion, livssyn og etikk) er eit samarbeidsprosjekt mellom Høgskulen på Vestlandet og ein av partnarskulane til høgskulen. Partnarskulen er ein ungdomskule, der to KRLE- og norsklærarar deltek med sine respektive 9. klassar (skuleåret 2018/2019). Prosjektet vil både bidra til norsk skriveforsking om elevars fagskriving på ungdomssteget og fungere som eit utviklingsprosjekt lokalt ved partnarskulen. Prosjektet vart initiert og vert stadig utvikla i eitt tett samarbeid mellom forskarane ved HVL og lærarane ved partnarskulen.  

Prosjektet har tre hovudfokus: (1) kartlegging av skriveaktivitet,  (2) loggskriving som læringsressurs og (3) argumenterande/reflekterande skriving i KRLE-faget.

I delprosjektet om loggskriving er det per juni 2019 samla inn 566 loggtekstar baserte på 16 ulike skriveoppdrag.