Arbeidskrav – kjerneaktivitetar i utviklinga av profesjonskompetanse

Prosjekteigar

Høgskulen på Vestlandet, Institutt for språk, litteratur, matematikk og tolking

Prosjekttype

Utviklingsarbeid

Prosjektperiode

August 2018 - Mai 2027

Prosjektsamandrag

Dersom alle dei nye GLU-studentane skal bli i stand til å gjennomføra eit masterprosjekt og kunna skriva ei masteroppgåve, er det svært viktig at me tenkjer heilskapleg om utdanninga, slik at studentane får ein progresjon frå første studieår og fram til masterarbeidet. Her har GLUP-leiinga lagt eit godt grunnlag ved å utarbeida progresjonstrappa, og grunnlagsdokumentet om akademisk skriving. Me ser eit tydelegt behov for å forankra progresjonstrappa betre i faga, og trur at dette prosjektet kan bidra til det.

 

Mål i prosjektet

Me ønskjer å svara på denne utfordringa og vidareutvikla FoU-delen av progresjonstrappa, og integrera særleg forskingsmetodar og akademisk skriving i faga norsk, matematikk og pedagogikk, slik at dei styrkjer både FoU-kompetansen og den praktiske utøvinga av lærargjerninga i faget og på tvers av fag. Samstundes ønskjer me å forska på denne prosessen og kva dette får å seia for studentane og deira profesjonskompetanse. Me rammar derfor prosjektet inn i didaktisk designforsking (Educational Design Research, McKenney og Reeves, 2012) for å oppnå ei rekke mål:

• Lærarstudentane får undervisning som er basert på forsking

• Lærarstudentane sjølve utviklar eigen forskings- og utviklingskompetanse samstundes med profesjonskompetansen

• Faglærarane utviklar si undervisning basert på forsking

• Det vert forska på lærarutdanninga

 

Vår føreslåtte løysing er å organisere læringsarbeidet til studentane rundt eit sett med velutvikla arbeidskrav som fokuserer på to kjerneaktivitetar i GLU, nemleg akademisk arbeid og praktisk yrkesutøving.  Me vil utvikla og implementera eit sett med arbeidskrav kor heilskap, progresjon og integrering står sentralt. Døme på slike samanhengar er at det lærarstudentane lærer om observasjon første året i Pel blir utvida og vidareført i arbeidskrav i matematikk og norsk andre året. Eit anna døme er at ei systematisk utprøving og analyse i matematikk og norsk på hausten andre året, blir arbeidd vidare med i eit arbeidskrav i Pel våren etterpå, då kanskje ut frå andre perspektiv. Eit tredje døme er at det dei lærer om akademisk skriving i norsk og Pel første året blir vidareutvikla i arbeidskrava i norsk og matematikk hausten andre året, og igjen utvida og vidareført i Pel-kravet på våren. Me ser for oss ei tilsvarande utviding for 3. året og spesielt i arbeidet med FOU-oppgåva. Det er viktig at denne samanhengen og progresjonen blir gjort eksplisitt og synleg for både studentane og faglærarane.

 

I vårt prosjekt vil me spesielt undersøkja

• Korleis er utviklinga av akademisk skrivekompetanse hos lærarstudentane, samanlikna med måla i studieprogramplanen for HVL?

• Korleis utviklar lærarstudentane forskingsbasert yrkesutøving gjennom systematisk innøving, utprøving og analyse av undervisning i faga norsk og matematikk? 

• Korleis utviklar lærarstudentane profesjonskompetanse gjennom å integrera akademisk arbeid og praktisk utøving i faga Pel, norsk og matematikk?

Konkrete resultat

Gjennom ei utvikling og utprøving på campus Stord, ønskjer me å meisla ut eit eksempel på ein slik arbeids- og tenkemåte ved å fokusera på eit sett med arbeidskrav som er laga med særleg tanke på slik integrering, samanheng og progresjon. Målet er at dette på sikt kan fungera som eit rammeverk for GLU-masteren som kan bidra til å vidareutvikla lærarutdanninga ved HVL og nasjonalt. 

Metode

Metode

For å undersøkja desse spørsmåla, vil me ta i bruk fokusgruppeintervju blant studentane - me ser føre oss eitt intervju per semester, det første i vårsemesteren 2019, eitt i haustsemesteret 2019, eitt til våren 2020 og eitt hausten 2020. Det er lasta opp tre ulike intervjuguidar - det første intervjuet handlar spesifikt om lærdomen av å arbeida med observasjon som metode, det andre er rundare formulert, der ønskjer me at studentane sjølve skal få reflektera og styra meir av samtalen sjølv - denne guiden vil me kanskje bruka fleire gongar. Det siste er meir eit evauleringsintervju, der me ber studentane vurdera kva dei opplever å ha lært av denne måten å arbeida på. Me vil også samla inn videoopptak av undervisningssituasjonar, og analysera desse. Andre metodar er dokumentanalyse av både arbeidskrav, undervisningsmateriell og fagtekstar.