NORHED

NORHED er eit program for kapasitetsbygging i høgare utdanning og forsking for utvikling. Programmet er forvalta av Norad, og har som mål å styrkje utdannings- og forskingskapasiteten ved høgare utdanningsinstitusjonar i prioriterte land i det globale sør.

Programmet er strukturert i tematiske delprogram som samsvarar med sentrale prioriteringar i norsk utviklingspolitikk og måla i Agenda 2030 for berekraftig utvikling. 

Geografisk vektlegg NORHED samarbeid med prioriterte land i norsk utviklingspolitikk. Ettersom utfordringane med høgare utdanning i størst i Afrika sør for Sahara, er hovudfokus i programmet på denne regionen. For å sikre ei berekraftig kapasitetsbygging oppmodar Norad sterkt til regionalt (sør-sør) samarbeid som del av NORHED. 

Utlysinga av prosjektmidlar under NORHED III er venta å kome våren 2026. NORHED-prosjekt har tidlegare vore koordinerte av norske universitet. Ei viktig endring for NORHED III er at koordineringsansvaret skal vere hos universitet i det globale sør.

Korleis kan norske institusjonar delta i NORHED III i samarbeid med HVL?

Dersom du er interessert i samarbeid med HVL, kan du ta direkte kontakt med enkeltforskarar innan fagfeltet ditt, eller kontakte  rådgjevararane våre innan internasjonalisering for å utforske samarbeidsmoglegheiter nærmare. 

Kontakt: norhed@hvl.no

Nordhed-prosjekt ved HVL

Prosjekt med HVL som koordinator

Learning is Visual var eit utdanningsprosjekt med Nordhed II-finansiering som bidrog til å auke samanhengen mellom syn og læring. Gjennom forsking, kapasitetsbygging og samarbeid mellom partnarar i Tanzania hadde prosjektet som mål å utvikle pedagogiske praksisar som støtta ulike læringsbehov og auka kvaliteten i undervisninga. Prosjekterioden var 1.8.2021–31.7.2025, og Gunvor Birkeland Wilhelmsen var prosjektleiar.

Partnarar i Tanzania:

Ein gruppe personar står utanfor ein bygning. På veggen over dei står det: Jengo la Utawala.

Prosjektleiar Gunvor Birkeland Wilhelmsen saman med deltakarar på eit kurs ved Patandi Teachers College of Special Needs Education.

Deltaking i prosjekt koordinert av andre partnarar

CABUTE- Capacity Building for Research-Based Teacher Education 
Universitetet i Bergen.
Leiar for delprosjekt: David Gabriel Hebert

Partnarar i Uganda:  

  • Makerere University, Kyambogo University
  • UNITE – The Uganda National Institute of Teacher Education