Fosshagen utdanningsbarnehage

På denne sida finn du informasjon om lærarutdanningsbarnehagen Fosshagen utdanningsbarnehage og ei beskriving av forskings- og utviklingssamarbeid.

Kontaktpersoner

LU-kontakt: Mari Engesæter

Fou-kontakt: Lillian Pedersen

Hospitering

Kjersti Johannessen og Lena Skjerdal skal året 2023 hospitere ved Fosshagen utdanningsbarnehage.

Å teikne med tråd

Som eit ledd i hospiteringa, utforska førstelektor Rakel Huglen kva som skjedde når barna på ei småbarnsavdeling møtte trådnøste. I utforskinga stilte ho seg spørsmåla: korleis kan dei yngste barnas møte med tråd i barnehagen gå føre seg? Og kan ein dra parallellar mellom tråd og teikning?

Kva som skjedde når trådnøste i ulike fargar og kvalitetar vart introdusert for barna kan du lese i artikkelen som Huglen har skrive i tidsskriftet Form (årgang 57, nr. 1/2023). 

Forskings- og utviklingssamarbeid

Følgeforsking på kompetanseheving

Studieåret 22/23 har ein stor del av barnehagelærarane i Fosshagen gjennomført eit 15 stp. emne i rettleiing. Forskarar frå HVL føl dette opp, dei undersøker om det skjer endringar i barnehagelærarane si forståing av omgrepet rettleiing og korleis rettleiing kan brukast i møte med til dømes tilsette og studentar etter endt emne.

Fagarbeidarar og assistentar har parallellt med barnehagelærarane si utdanning gjennomført eit kurs i rettleiing. Dette føl HVL opp ved å undersøke korleis deltakarane på kurset har opplevd kurset og kompetansehevinga.

Utvikle samarbeidet

Fou-kontakt har hatt faste kontordagar i barnehagen. Det har vore to føremål med dette. For det første at fou-kontakten skal bli ein del av fagmiljøet i barnehagen. For det andre at styrar, LU-kontakt og fou-kontakt skal samarbeide tett om å utvikle innhaldet i samarbeidspunkta mellom barnehagen og HVL. Blant anna har vi prøvd ut at barnehagen har eit stort tal studentar i praksis samstundes, og utforska om og korleis det kan skape eit kunnskapsutviklande miljø, både blant studentane og praksislærarane.