Hafslo barne- og ungdomsskule

På denne sida kan du lese meir om kva som skjer ved lærarutdanningsskulen Hafslo barne- og ungdomsskule.

Hafslo barne- og ungdomsskule er ein 1-10 skule i Luster kommune. Skulen står saman for ein trygg oppvekst i eit aktivt og inkluderande læringsmiljø og arbeider målretta for å legg til rette for meistring, gjere elevane trygge på seg sjølv og ha respekt for andre. Det er eit mål at alle elevar skal bli sett og lytta til kvar dag. For skuleåret 2024/25 er det 216 elevar på skulen, 31 lærarar og 12 miljørettleiarar.

Kontaktpersonar

LU-kontakt ved Hafslo barne- og ungdomsskule: Sonja Rutledal

FoU-kontakt ved Høgskulen på Vestlandet: Reidun Nerhus Fretland

Delt stilling

Kristine Lyngset Sviggum er lærer ved Hafslo barne- og ungdomsskule og har skoleåret 2025/2026 en 20% stilling i kunst og handverk ved institutt for kunstfag. (IK)

Hospitering 2025/2026

Åge Lauritzen og Sylvia Hole

Forskings- og utviklingssamarbeid

Hafslo barne- og ungdomsskule (Hafslo BUS) er positive til å stille opp for masterprosjekt. Det er ynskjeleg at samarbeid og kommunikasjon med masterstudentar blir koordinert via FoU-kontakt ved HVL.

Arbeid med Fysisk aktiv læring (FAL) kom i gong skuleåret 2023/24, og er satsingsområde i inneverande periode som LU-skule. Hafslo BUS har som mål å vidareutvikle og forankre FAL sterkare opp mot læring i heile kollegiet sin pedagogiske praksis. Dette arbeidet er ytterlegare styrka ved at skulen i tillegg har fått midler til kollektiv kompetanseutvikling i perioden 2024/26 med FAL som utviklingsarbeid. I den samanheng er Tom Wergeland Utviklingspartner frå HVL skuleåret 2025/26. Det er eit ynskje frå alle partar å sjå LU- ordninga og satsinga på kollektiv kompetanseutvikling i samanheng.

«Å arbeide med læring og lærelyst i kroppsøving ut frå LK20» - eit samarbeidsprosjekt mellom HVL, Hafslo BUS og Kvåle skule om kroppsøvingsfaget skuleåret 2025/26

Hensikta med prosjektet er å skape forståing for kvarandre si tenking kring praktisering av kroppsøvingsfaget i skulen. Med det siktar vi til alt frå planleggingsarbeid, gjennomføring av undervisning, etterarbeid og heilskapen i den faglege forståinga  av kroppsøving som lærings- og danningsfag i skulen. Samarbeidsprosjektet skal bidra til å utvikle pedagogisk praksis i kroppsøvingsfaget, både i lærarutdanninga og kroppsøving i skulen. Det igjen bidreg til utvikling av ei kvalitativt god praksisopplæring. I første omgang er dette eit utviklingsarbeid der vi ynskjer å etablere eit tettare samarbeid mellom fagtilsette ved HVL og alle lærarane som underviser i kroppsøving på LU-skulane; Hafslo barne- og ungdomsskule og Kvåle skule. Vi ser på samarbeidsprosjektet skuleåret 2025/26 som første steg for vidare samarbeid om FoU-prosjekt. I eit slik FoU-prosjekt vil vi involvere masterstudentar i GLU og lærarar med interesse for FoU.

Prosjektet hadde oppstart i august og har avtalt tre møter til i løpet av haustsemesteret. Merksemd og fokus i haust er refleksjon og bevisstgjering kring profesjonsfellesskap i kroppsøving, og planleggingsarbeid ut frå prinsippet om baklengs planlegging.

Samarbeid mellom faggruppe i matematikk og Hafslo BUS

Det vart inngått samarbeid mellom faggruppa i matematikk ved HVL, Campus Sogndal v/Lene Hayden Taraldsen og Frode Olav Haara og Hafslo BUS i samband med forskingsprosjektet Matematikklærarar si tilrettelegging for utvikling av problemløysingskompetanse i matematikk i vårsemesteret 2025. Samarbeidet omhandla gjennomføring av datainnsamling til dette prosjektet der to lærarar frå Hafslo BUS deltok. Det forskingsretta føremålet med prosjektet er å sjå på ulike måtar matematikklærarar i grunnskulen legg til rette for arbeid med problemløysing, og å få tilgang til grunnar for metodiske val. Dette prosjektsamarbeidet vart og nytta som del av innhaldet i eit emne 4. årsstudentar i matematikk i GLU-utdanningane ved Campus Sogndal vårsemesteret 2025. Studentane var ansvarlege for datainnsamlinga, og fekk høve til å nytte data frå prosjektet til eigne framtidige masterprosjekt som har opphav i hovudprosjektet sitt formål. Det er ein student som nyttar data frå prosjektet i sitt masterprosjekt studieåret 2025/26. Dette kan medføra meir samarbeid med Hafslo BUS som i tilfelle vil omhandle innhenting av meir data frå lærarar som var involvert i datainnsamlinga i vårsemesteret 2025.

Samarbeid om inkluderande kroppsøving (IMPRATO)

Nokre lærarar ved Hafslo BUS  har hausten 2024 delteke i eit fokusgruppeintervju der dei samtala om erfaringar og tankar knytt til utfordringar og moglegheiter for tverrfagleg samarbeid om kroppsøving i skulen. Fokusgruppeintervju er del 1 i Anne Skaar (tilsett ved HVL, vernepleieutdanninga) sitt forskingsprosjekt som stipendiat. Hennar prosjekt har til hensikt å utforske og utvikle samarbeidspraksisar mellom kroppsøvingslærarar, fysioterapeutar og eventuelt andre relevante aktørar. I den samanheng deltok ein lærar frå Hafslo BUS på del 2 av prosjektet i juni 2025 som var ein workshop der representantar frå faggruppene møttest for å tenke nytt om korleis dei i fellesskap kan hjelpe barn på ein god måte. I etterkant har læraren kryssa av for vidare deltaking dersom der kjem førespurnad om det. Målet for neste del er å prøve ut ein samarbeidsmodell som skal bidra til inkludering og deltaking i kroppsøvingsfaget for alle barn i grunnskulen, uavhengig av føresetnader. Her kan du lesa meir om IMPRATO