Hafslo barne- og ungdomsskule

På denne sida kan du lese meir om kva som skjer ved lærarutdanningsskulen Hafslo barne- og ungdomsskule.

Kontaktpersonar

LU-kontakt ved Hafslo barne- og ungdomsskule: Sonja Rutledal
Fou-kontakt ved Høgskulen på Vestlandet: Karin Elisabeth Sørlie Street

Kristine Lyngset Sviggum, er lærer ved Hafslo barne- og ungdomsskule og har skoleåret 22/23 en 40% stilling i kunst og handverk ved institutt for kunstfag. (IK)

FoU-kontaktene si rolle og sine oppgåver

  • Ein fou-kontakt er ein fagtilsett ved HVL som er frikjøpt 170 timer.
  • Fou-kontakten skal vere eit bindeledd mellom lærarutdanningsskulen og dei forskingsmiljøa skulen har samarbeid med eller ønskjer å utvikle samarbeid med.
  • Fou-kontakten skal også bidra til å styrke/bygge forskings- og utviklingskultur på den enkelte skule og vidareutvikle partnerskapet mellom skulen og Fakultet for lærartutdanning, kultur og idrett.

Forskings- og utviklingssamarbeid med Høgskulen på Vestlandet

Hafslo barne- og ungdomsskule har sidan skuleåret 21-22 hatt eit overordna fokus på sjølvregulert læring, i eit samarbeid med HVL. Sjølvregulert læring handlar kort sagt om elevar som sjølve set seg mål i skulearbeidet, som nyttar nyttige strategiar/metodar for å nå måla sine, overvaker eiga læring (framsteg mot målet), og eventuelt endrar metode for å nå målet. Sjølvregulert læring er såleis eit viktig mål i skulen, for livslang læring, og det er tett kopla til den overordna delen av læreplanen. Det heng tett saman med elevane sin indre motivasjon og interesse, og deira oppleving av å kunne påverke eigen kvardag. Å jobbe for å støtte elevane si sjølvregulering av læring er blitt eit viktig og langsiktig mål for lærarane på Hafslo barne- og ungdomsskule.

Tett kopla på denne tematikken har Hafslo barne- og ungdomsskule også jobba med tema skriving i engelsk, og elevmedverknad. I samarbeid med PhD stipendiat Mari Skjerdal Lysne har engelsklærarar prøvd ut undervisningsopplegg med fokus på til dømes skriveglede og skriveprosessar. I samarbeid med førsteamanuensis Karin Street og professor Eirik Jenssen har alle tre teama på skulen arbeida med forståing og konkretisering av elevmedverknad i undervisninga; teama har prøvd ut korleis dei kan involvere elevane i større grad; og dei har delt sine erfaringar frå utprøvingane.

Skulen tek med seg erfaringane frå arbeidet med engelsk og elevmedverknad vidare, inn imot det kontinuerlege arbeidet med å støtte elevane i deira sjølvregulering.

Lærarar frå Hafslo barne- og ungdomsskole som deltek i prosjektet: Eva Cathrine Halland Loen og Sonja Rutledal.

Literacy in Teacher Education: Reading, Telling and Exploring the World» er et prosjekt finansiert av Norges forskningsråd. Prosjektet vil omfatte dei fire faga norsk, matematikk, engelsk og KRLE og vil vere innretta  mot heile grunnskulen (1−10). Lærarstudentar i praksis vil delta i prosjektet.

Med literacy-perspektivet rettes søkelyset mot alle dei fem grunnleggjande ferdigheitene, korleis dei samverkar i faga sine tekstkulturar og ikkje minst korleis språkbruk og tekstkultur varierer mellom faga, slik at det ofte vert opp til elevane å «omsetje» mellom dei. Forskarane vil opprette tverrfaglege delprosjekt retta mot respektive begynnaropplæringa, mellomsteget og ungdomssteget. Tema som vil inngå er forteljing og utforsking på tvers av fag. Ein ønsker å tilby samarbeid gjennom eit forskingsprosjekt om utvikling av undervisning og læring på tvers av fire skulefag gjennom heile grunnskulen. Ein legg også stor vekt på å sjå prosjektet i samanheng med den nye læreplanen, og ser ei styrking av elevar og lærarstudentar sin literacy-kompetanse i lys av det tverrgåande temaet «Demokrati og medborgarskap».