Varsling av alvorlege hendingar

Har du opplevd kritikkverdige tilhøve som du vil varsle om?

Varsling er å seie ifrå om brot på:

  • Lov og regelverk
  • Etiske normar
  • Alvorlege tilhøve som kan skade høgskulen eller samfunnet

Vi ønskjer til dømes at du seier ifrå dersom du oppdagar:

  • Mobbing og trakassering
  • Miljøkriminalitet
  • Økonomiske tilhøve som korrupsjon eller økonomisk utruskap
  • Brot på profesjons- og forskingsetiske retningsliner
  • Tilhøve som kan representere ein fare for liv og helse
  • Verksemd som kan skade eigedom eller infrastruktur

Det vil alltid være ulike meiningar om avgjerder som blir tekne enten det handlar om budsjettfordeling, tilsettingar, faglege prioriteringar eller vedtak med heimel i lov og regelverk. Å gi uttrykk for slik ueinigheit blir ikkje rekna som varsling.

Send varselet ditt til  varsling@hvl.no

 

Korleis varslar eg?

Du kan varsle skriftleg eller munnleg til leiinga ved instituttet/faget/eininga du høyrer til, eller direkte til høgskuleleiinga. Du kan også sende en e-post til varsling@hvl.no

Varselet bør innehalde ein presis omtale av saka, og inkludere:

  • Fullt namn
  • Tidsrom, eventuelt dato og klokkeslett for hendinga/observasjonen
  • Kva som har hendt
  • Stad for hendinga/observasjonen
  • Andre vitne
  • Eventuell kjennskap til tidlegare saker

Kva skjer når eg varslar?

Når høgskulen mottar eit varsel eller ei bekymringsmelding, blir den tatt hand om av ansvarleg leiar. 

HVL tek kontakt med deg/dykk som har varsla for å få utdjupa kva som har skjedd. Høgskulen tek også kontakt med den eller dei som evt er skulda for det som har skjedd, for å høyre deira versjon.

Høgskulen kan reagere overfor tilsette og studentar skulen meiner har brote regelverk eller opptredd på ein ikkje akseptabel måte. Det er universitets- og høgskuleloven og statsansatteloven (for tilsette) som set rammer for kva reaksjonen kan bli.

Tek eg ein risiko ved å varsle?

Negative konsekvensar overfor ein student som varslar er ikkje lov. 

Kva er forskjellen på å seie ifrå og å varsle?

Varslingsakar er meir alvorlege og omfattande enn Sei ifrå-meldingar. 

Medan varslingssakar handlar om brot på lovverk, regelverk og etiske normer, skal Sei ifrå-meldingar gi HVL tilbakemelding om forhold ved studiekvardagen eller studiestaden som er bra eller som kan bli betre. 

Er du i tvil om du skal seie ifrå eller varsle, kan du ta kontakt med studentombodet eller studentrådgivinga for rettleiing. 

Kan eg varsle anonymt?

Alle tilsette og studentar kan melde inn saker til sei ifrå-systemet. Meldinga di vil bli behandla konfidensielt. Som student kan du melde enten med namn og få beskjed når saka er behandla (innan to veker), eller du kan velje å melde inn anonymt. Du vil då ikkje få tilbakemelding, men kan sjå korleis typen saker har blitt behandla i rapporteringa som skjer til Læringsmiljøutvalet kvart halvår.

Eg vil snakke med nokon før eg varslar

Om du er i tvil om du skal varsle, eller ønskjer å prate med nokon om dine opplevingar, kan du ta kontakt med studentombodet eller studentrådgivinga.

Politimelding

Om hendinga er straffbar, vil du kunne bli oppmoda til å melde forholdet til politiet. 

Falske skuldingar

Ver merksam på at det kan vere straffbart å rette skuldingar mot nokon på falskt grunnlag. 

Retningslinjer ved HVL