Smittevern under skuleeksamen

Informasjon om HVL sine tiltak for smittevern ved gjennomføring av skuleeksamen.

Her er informasjon til deg som skal gjennomføre skuleeksamen på campus. Ved å følgje dei offentlege smittevernråda kan eksamen på HVL gjennomførast på ein trygg måte.

Tiltak for smittevern 

  • Eksamen startar kl. 09. Hugs å møte opp i god tid før eksamen startar. 
  • Vi ber om at du har på deg munnbind når dei kjem til eksamenslokalet, og når du går igjen. Du kan ta av munnbindet når du sit ved pulten. 
  • Det er få eksamenar per dag.
  • Det vil vere meir enn 1 meter avstand mellom studentane.
  • Dersom du har luftvegssymptom gjeld FHI sine retningslinjer for smittevernMeld i så fall i frå ved å sende inn meldingsskjema om fråvær frå eksamen. Det er ikkje krav om dokumentasjon frå lege eller andre, eigenmelding er godkjent hausten 2021 og januar 2022. Du vil bli registrert med gyldig fråvær.
  • Det er viktig å halde minst 1 meter avstand til andre personar, både medstudentar, faglærarar og eksamensvakter. Ver særleg merksam på dette på veg inn og ut av eksamenslokalet.
  • Du vil finne handsprit ved inngangen til eksamenslokalet. Alle som kan nytte handsprit skal nytte dette før og etter eksamen. 

I eksamenslokalet og under eksamen er det viktig at du hugsar på dette:  

  • I staden for at du sjølv signerer for oppmøte vil ein eksamensvakt registrere deg når du viser ID. 
  • I Bergen er det eit nummer på pulten som du (eller eksamensvakten) skriv opp i ei liste.
  • Du skal alltid opphalde deg ved pulten din, med mindre du treng å nytte toalettet eller ønsker å bli fulgt til pause. Bruk munnbind om du må gå frå pulten.
  • Du må følgje god hand- og hostehygiene. Ingen som er sjuke skal vere i eksamenslokalet, men host og nys vil det også vere hjå friske personar. Nytt armkroken om du ikkje har noko anna å beskytte deg med. 
  • Når du er klar til å levere eksamensoppgåva di tilkallar du ein eksamensvakt. Eksamensvakta hjelper deg med digital innlevering eller sjekker gjennom papira dine. Eksamensvakta tek papira med til hovudvakta som registrerer innlevert eksamenssvar. 
  • Dersom du blir sjuk eller får symptom på sjukdom under eksamen, må du straks melde frå til ein eksamensvakt og avbryte eksamen. Reis heim ved å halde ekstra god avstand til andre og unngå om mogleg kollektivtrafikk. 

Studentar i risikogruppe 

Dersom du er i risikogruppe kan du søkje om å få eksamen tilrettelagt ved til dømes å sitte i eige rom på campus, eller å ta eksamen med anna vurderingsform. Du må sende inn søknad saman med dokumentasjon på at du er i ei risikogruppe eller av andre smittevernfaglege årsaker ikkje bør gjennomføre eksamen i eit lokale saman med andre. Send søknad så snart som råd. Søknadsskjema for tilrettelegging.

Studentar i karantene

Dersom du er i karantene skal du ikkje gjennomføre eksamen på campus. Meld i så fall i frå ved å sende inn meldingsskjema om fråvær frå eksamen. Det er ikkje krav om dokumentasjon frå lege eller andre, eigenmelding er godkjent våren 2022. Du vil bli registrert med gyldig fråvær.