Studentkort
Studentkortet er ein viktig del av studiekvardagen. Det vil blant anna vere nødvendig med kort for å kunne bevege seg rundt i og ut av bygga på kveldstid.
Slik kan du bestille studentkort
For å få eit studentkort ved HVL må du ha aktivert brukarkontoen din og semesterregistrert deg.
- Gå inn på brukarkontoen din ved å logge på 'Min konto' med Feide
- last opp eit bilete av deg sjølv
- lag Pin-kode (dørkode)
- velg 'Bestill adgangskort' og velg kva campus du vil hente kortet på
Ingen studentkort blir produsert utan at dei blir bestilt via brukarkonto.
Bruk eit fargebilde i ståande passfoto-/portrettformat med kvit/lys bakgrunn. Du kan ha på deg religiøst hovudplagg, men ikkje solbriller, hatt eller plagg som dekker til ansiktet. Sjå rett inn i kamera.
Studentkortet ditt vil vere ferdig innan ei veke etter du har lasta opp bildet og bestilt kortet via brukarkontoen din.
NB! Er du nautikkstudent? I samband med kursbevis og sertifiseringar for nautikkutdanninga må du ha eit foto av høg kvalitet. Fotografering til studentkort og kursbevis/sertifisering blir difor koordinert i løpet av oppstartsveka ved campus Haugesund.
Utdeling av studentkort til nye studentar
Er du student i Haugesund, Førde, Sogndal eller Bergen, kan du hente kortet ditt i Servicetorget kl. 8.00–15.00. Det kan ta inntil ei veke etter bestilling via Min konto før kortet er klart.
Er du student på Stord, kan du hente kortet ditt i Servicetorget kl. 9.00–13.00. Det kan ta inntil ei veke etter bestilling via Min konto før kortet er klart.
Studentbevis-app
I tillegg til det fysiske studentkortet, bør du ha Studentbevis-appen. Denne appen fungerer som studentbevis m.a. på buss og tog, og hos Sammen.
Her finn du informasjon om Studentbevis-appen.
Vanlege spørsmål om studentkort og studentbevis
Kva kan eg bruke studentkortet til?
Studentkortet er ditt adgangskort/nøkkelkort. Du har tilgang til campus alle dagar mellom kl. 07.00 og fram til kl. 23.00. Etter kl. 17.00 må du bruke studentkort med PIN-kode for å komme inn.
Studentkortet er også ID-kort og lånekort på biblioteket, samt gir tilgong til HVL sine skrivarar/kopimaskinar. Ver obs på at dersom du skal fylle utskrifter på kortet ditt etter at du har endra koden, kan det gå inntil 24 timar før den nye koden er aktivert.
Gyldig studentkort vil, saman med studentbevisappen som er gyldig semesterkvittering, gi deg tilgang til SAMMEN sine rabattordningar. Unntak er studier som er fritatt for semesteravgiftsbetaling. Ta kontakt med semesterreg@hvl.no dersom du likevel ønsker å betale semesteravgift for å få tilgang til rabattordningane.
Kva er forskjellen på studentkort og studentbevis?
Studentkortet er eit fysisk nøkkelkort, medan studentbeviset er ein mobilapp.
Medan du venter på studentkortet ditt kan du laste ned studentbevisappen. Når semesterbetalinga di er registrert (som regel 2-3 dagar etter betaling) og du har semesterregistrert deg i Studentweb, vil studentbevisappen vere gyldig studentlegitimasjon, noko som gir deg tilgang til rabattavtalar; kollektivtransport m.m.
Før du får studentkortet ditt kan du låne bøker på biblioteket via studentbevisappen, og bruke bankkortet ditt til å kopiere/skrive ut.
Studentbevisappen er eit godt supplement til studentkortet, men vil ikkje gi deg tilgang til HVL sine bygg, slik studentkortet gjer. Utan studentkort har du berre tilgang til campus i opningstida.
Kvifor virker ikkje Studentbevis-appen min?
For at appen skal vere gyldig må du ha betalt semesteravgift og vere semesterregistrert. Merk at det kan ta tre-fem dagar før betalinga er registrert i Studentweb. Les om semesterregistrering her.
NB! Nokre studier er fritatt for semesteravgiftsbetaling og dermed vil heller ikkje studenten kunne bruke studentbevis-appen før avgift er betalt. Ta kontakt med semesterreg@hvl.no dersom du likevel ønsker å betale semesteravgift for å få tilgang til rabattordningane til SAMMEN og kollektivtransport.
Les meir om Studentbevis-appen
Korleis endrar eg namn på kortet mitt?
Når du endrar namn treng du nytt studentkort. Det gamle studentkortet leverer du inn til makulering i Servicetorget når du får utlevert det nye.
Her finn du informasjon om kva du må gjøre for å endre namn i HVL sitt system.
Kor vil eg få nøkkeltilgong?
Studentkortet ditt vil vere programmert til å gi deg tilgang basert på ditt studieprogram og den campusen du tilhøyrer. Skulle du trenge tilgang til andre rom, be din faglærar stadfeste dette ovanfor ADU eller Servicetorget.
Her finn du informasjon om faste og avvikande opningstider på våre campus.
Kva er pinkoden min til studentkortet?
Ny student ved HVL: Etter du har aktivert brukarkontoen din for første gang, lager du ein firesifra dørkode før du bestiller studentkortet ditt. Logg på 'Min konto' med Feide. Velg 'Lag eller byt pin-kode'. Når du får studentkortet ditt bruker du denne koden til HVL sine dører.
Allereie student ved HVL: Dersom du ikkje hugsar dørkoden din, kan du lage ny i brukarkontoen din. Logg på 'Min konto' med Feide. Velg 'Lag eller byt pin-kode'. Ver obs på at det kan ta nokre timar før den nye koden virker.
Når må eg bruke pinkoden? Du opnar dører, tar utskrifter osv. ved å halde kortet opp mot ein kortlesar. For kortlesarar med tastatur, og for å få tilgang etter normal stengetid, må du bruke pinkoden i tillegg.
Eg treng nytt studentkort, kva gjer eg?
Har du studentkort frå tidlegare studier ved HVL? Ta kontakt med Servicetorget for å sjekke om dette adgangskortet framleis kan brukast.
Har du endra namn eller mista studentkortet ditt og treng nytt? Slik bestiller du:
Alle campus:
- Bestill nytt studenkort via brukarkontoen din. Velg 'Min konto'
- Velg 'Bestill adgangskort' og velg kva campus du vil hente kortet på
- Det nye studentkortet henter du i Servicetorget innan 1 veke.
Eg ønsker nytt bilete på studentkortet mitt
Ønsker du nytt bilete kan du laste opp eit nytt via brukarkontoen din. Logg på 'Min konto' med Feide, og velg deretter 'Last opp eller byt bilete'.
NB! Det nye bilete vil berre vise i studentbevisappen din. Dersom du vil ha nytt bilde også på studentkortet må du bestille nytt studentkort. Sjå over for korleis du gjer det.
Treng du hjelp?
Campus Bergen
Har du problem med tilgangar på studentkortet ditt, sender du e-post til ADU ved eirik.lund@hvl.no evt ta kontakt med Kortsenteret i rom B202 i hovedbygget på Kronstad. Opningstid: 8.00–10.00 på kvardagar.
Campus Førde
Har du problem med eller spørsmål om studentkort? Send e-post til ADU ved karl-eric.melander@hvl.no
Campus Sogndal
Har du problem med eller spørsmål om studentkort? Send e-post til ADU nils.jorgen.vee@hvl.no
Campus Haugesund
Har du problem med eller spørsmål om studentkort? Send e-post til ADU ved lars.eirik.enoksen.tangen@hvl.no
Campus Stord
Har du problem med eller spørsmål om studentkort? Send e-post til ADU ved harald.thuestad@hvl.no