Studierett

Når du får opptak til eit studieprogram, får du studierett for den tida studiet normalt varer. Normert studietid for til dømes 3 år eit heiltids bachelorstudium.

Om du treng meir tid til å fullføre studiet ditt, kan du justere utdanningsplanen din etter avtale med ein studierettleiar ved høgskulen. Dette er mogeleg innanfor rammene definert i forskrift om studium og eksamen ved HVL.

Studieretten din fell automatisk vekk når tida for tildelt/avtalt studierett er ute, eller du har fullført studieprogrammet.

Eit heiltidsstudium har normalt ein progresjon på 60 studiepoeng i året. Dersom du ikkje følgjer normert progresjon, må du rekne med å følgje gjeldande studieplan og eksamensordningar.  Utdanningsplanen din viser den planlagde faglege framdrifta i studiet ditt.

Dersom du allereie er student ved HVL på ei studie som varar i eitt år eller meir, og får opptak til eit nytt studieprogram ved HVL, mister du normalt studieretten til det tidligare programmet. Regelen gjeld ikkje for etter- og videreutdanningar. 

Tap av studierett

Dersom du ikkje fullfører semesterregistreringa eller betaler semesteravgifta innan fristen kvart semester, vil du etter nokre dagar miste studieretten din. Du får då ei melding frå oss med vedtak på tap av studierett. For å klage på vedtaket sender du ei klage via dette webskjemaet.  Fristen for å klage er 3 - tre - veker. Om du har spørsmål, kan du sende e-post til semesterreg@hvl.no, så svarar vi deg så raskt vi kan.

Poststudierett

Når du har fullført eit studieprogram, har du rett til poststudierett i inntil to påfølgande semester etter fullføring.

I perioden med poststudierett kan du forbetre karakter på individuell eksamen i emne der dette er mogleg. Om karakterane dine blir forbetra blir dei dokumenterte med karakterutskrift, ikkje med nytt vitnemål. Du kan også ta nye emne på studieprogrammet.

Søknadsfrist for poststudierett er 15. august i haustsemesteret og 15. januar i vårsemesteret. Søknaden sender du på e-post til fakultetet ditt: