Internasjonale emne ved HVL

Internasjonalisering startar ved HVL. Du kan tilegne deg globale perspektiv inn i utdanniga gjennom å delta på internasjonale kurs og nettbaserte internasjonale læringsaktivitetar. Her finn du ei oversikt over denne typen kurs og aktivitetar for studentar på sosialt arbeid, vernepleie og barnevern ved HVL. 

Informasjon til deg som tar:

Sosialt arbeid

1) Socio-cultural diversity and inequalities in social work (SABV260)

Emnet Socio-cultural diversity and inequalities in social work (SABV260) er eit valfritt emne på 15 studiepoeng som du kan ta i 4. semester om du tar bachelor i sosialt arbeid.

Emnet har ei global orientering, og målet med emnet er å gi kunnskap og kompetanse innan sosialt og kulturelt mangfald og ulikskap, i eit komparativt perspektiv, og på tvers av nord-sør-aksen. Du lærer korleis du kan bruke sosialt arbeid, kunnskap og praksis i befolkningar som er kjenneteikna av mangfald og sosial ulikskap, og korleis menneskerettar og sosioøkonomisk rettferd kan bli fremma i desse befolkningane.

2) Vircamp

Altarnativt kan studentar på bachelorutdanninga i sosialt arbeid ta inntill 15 studiepoeng frå Vircamp. Vircamp er eit europeisk sosialt arbeid-konsortium av seks institusjonar for høgare utdanning lokalisert i Belgia, Tyskland, Norge og Spania. VirCamp har rik og lang kompetanse på organisering og koordinering av internasjonale kurs i sosialt arbeid på ein virtuell campus.

Du kan velje opptil tre internasjonale e-kurs innan sosialt arbeid, som lar dei vere ein del av eit verdsomspennande lærings- og undervisningsfellesskap og få eit breiare perspektiv på internasjonalt sosialt arbeid. Kursa blir undervist av eit internasjonalt team av lærarar frå Vircamp-partnarinstitusjonane.

Vircamp tilbyr desse e-kursa:

  1. Social work from an international perspective
  2. Social exclusion and inclusive practices in Social Work
  3. Community work from an international perspective

Du kan ikkje ta både SABV260 or Vircamp, men må velje enten eller. 

Vernepleie

Studentar som tar bachelor i vernepleie, kan velje internasjonale emne i 5. og  i 6. semester.

1) Crossing Borders - General Part (BSVCBE1)

Emnet Crossing Borders - Social Inclusion and Active Citizenship (BSVCBE1) er på 5 studiepoeng. Du kan ta det i 5. semester.

I dette emnet lærer du om samanhengen mellom menneskerettar, nasjonal politikk og helse- og sosialfaglege yrke. Emnet fokuserer på å forstå og handtere sosial ekskludering. Kurset ser på måter å hjelpe marginaliserte grupper med å delta meir aktivt i samfunnet. Kurset er for studentar ved bachelor i barnevern og bachelor i vernepleie. Gjennom forskjellige aktivitetar vil studentane bli rusta til å fremje inkludering og likskap.

2) Crossing Borders - Ways to improve Participation (BSVCBE2)

Emnet Crossing Borders - Ways to improve Participation (BSVCBE2) er på 10 studiepoeng. Du kan ta det i 5. semester.

Dette er ein internasjonal lærings- og undervisningsmodul for studentar innan helse- og sosialfag. Det er eit Erasmus Blended Intensive Program (BIP) som kombinerer obligatorisk fysisk mobilitet med obligatoriske virtuelle komponentar, og tilbyr ein nyskapende internasjonaliseringsoppleving. Den fysiske mobiliteten varer i ein veke, mens den virtuelle komponenten strekker seg over seks til åtte veker med vekentlege møte. I løpet av denne perioden jobber deltakarane systematisk mot ein komparativ studie i transnasjonale og tverrfaglege prosjektgrupper. Formålet med emnet er å undersøke situasjonen for individ i ugunstige sosiale forhald og å utforske metoder for å forbetre deltakinga deira i samfunnet. Emnet har som mål å auke selvbestemminga for å redusere opplevinga av avvik.

3) Praksisstudier. Ut i verden! Tverrprofesjonelt samarbeid på tvers av landegrenser (SAVPU301)

Emnet Praksisstudier. Ut i verden! Tverrprofesjonelt samarbeid på tvers av landegrenser (SAVPU301) er på 15 studiepoeng. Du kan ta det i 5. semester.

Dette er eit praksisemne for deg som studerer sosialt arbeid, barnevern eller vernepleie, og gir deg ein unik moglegheit til å utvikle ferdigheiter i eit globalt og fleirkulturelt samfunn. Hovuddvekta ligg på internasjonalt samarbeid og dialog, som er essensielt for å løyse globale utfordringar. Gjennom praksisstudium i utlandet får du verdifulle perspektiv gjennom internasjonal eksponering og tverrfagleg samarbeid, og opplever ulike arbeidskulturar. Du vil også bli utfordra på generelle ferdigheiter som problemløysing, teamarbeid og beslutningstaking. Sentrale tema inkluderer menneskeretter og FNs berekraftsmål, samt kunnskap om levekår, helse, utdanning, arbeid og sosial inkludering.

4) Perspective on Global Citizenship, Critical Reflection, and Project Work in the South (Tanzania) (VPL305)

I 6. semester kan du velje å ta emnet Perspective on Global Citizenship, Critical Reflection, and Project Work in the South (Tanzania) (VPL305), som er på 15 studiepoeng. I dette emnet har HVL samarbeidspartnarar i Tanzania, Botswana og India.

Dette emnet går i vårsemesteret, og er ein del av studieprogrammene for vernepleie og vernepleie deltid. Studentar som tek dette emnet, vil vere deltakarar i NOREC-prosjektet Children with Disabilities and UN Right Conventions, kor målet er å betre livskvaliteten til barn med lærevanskar gjennom praktisk implementering av FNs menneskerettar, FNs konvensjon om barnets rettar og konvensjonen om rettane til personer med nedsatt funksjonsevne (CRPD). Emnet foregår i Tanzania, i Dar Es Salaam og/eller Arusha. Som NOREC-deltakarar vil studentane delta i språkkurs og forberedelseskurs gjennom NOREC, og NOREC-prosjektmidlar vil finansiere utanlandsopphaldet for studentane. Emnet gir ein innføring i grunnleggande tankar og praksisar rundt interkulturell kommunikasjon, med fokus på utdanning og barn med utviklingsforstyrringar. Det er begrensa med plass i emnet.