Campus Haugesund

Velkommen til vår campus i Haugesund! Her finn du praktisk info om campus og kart.

Lurer du på noko?

Servicetorget kan hjelpe deg med det meste! Du finn oss en trapp opp fra hovedinngongen (Klikk her for kart).

Opent kvardagar kl. 08.00–15.00

Utanfor opningstid tar du kontakt via e-post eller sentralbord så får du hjelp. Chatboten vår MIME på hvl.no vil også kunne svare på mykje. Prøv gjerne!

E-post: servicetorget@hvl.no
Telefon mellom 08:00-15:00: 55 58 58 00

Opningstider

Hovudinngangen er open måndag til fredag mellom klokka 07.45 og 17.00.

Alle andre dører treng du adgangskort for å opne.

Tilsette har tilgang med adgangskort måndag til søndag mellom klokka 06.00 og 23.00.

Studentar har tilgang med adgangskort måndag til søndag mellom klokka 07.00 og 23.00.

Klikk for informasjon om avvikande opningstider.

Finn fram på campus

I appen Mazemap får du kart over campus og hjelp til å finne fram til rom. Du kan laste ned appen på App Store og Google Play.

Mazemap finn du også på denne nettsida.

Møteplass ved evakuering: Haugesund

Rådhusplassen

Studere

Lesesalar og studentarbeidsplassar

På campus i Haugesund finn du undervisningsrom, bibliotek, læringssenter og arbeidsplassar med og utan datamaskiner. Vi har også lesesalar, grupperom og forskjellige laboratorium.

Det er ein lesesal på rom 2049 i 2. etasje i hovedbygget med 125 plasser. Vi har òg studentarbeidsplassar i vrimleområda, biblioteket, sosiale soner utanfor undervisningsrom og i fellesområde.

Ubrukte seminarrom og auditorium kan også nyttast som studentarbeidsplassar. Desse romma kan ikkje reserverast, men du kan bruke dei fritt ved behov.
Oversikt over ledige rom i Haugesund finn du i TimeEdit. 

Treng du å reservere ein studentarbeidsplass, kan du reservere grupperom i TimeEdit.

Book grupperom

Bokskap og garderobeskap

Campus Haugesund kan dessverre ikkje tilby bokskap.

Sjukepleiarstudentar får tilgong til garderobeskap. Desse skapa finn du i underetasjen ved treningsrommet i henholdvis herre- og damegarderoben. Det er gratis å bruke garderobeskapa. Hengelås ordnar du med sjølv. Finn eit ledig garderobeskap og heng på hengelåsen din.

Simulatorsenteret

Høgskulen har eit eige simulatorsenter for studentar i maritime fag. På senteret finst det sju navigasjonsbruer for fullskala simulering, og tolv studentstasjonar på navigasjonslaboratoriet. På laben kan ein drive med instrumenttrening og trening knytt til lasteoperasjonar.

Student på lesesal

Trene

Det er eit nyrenovert treningsrom i kjellaren som er gratis for medlemmer i studentidrettslaget.

Parkering

Det er gratis parkeringsplassar på campus for bilar med parkeringsløyve.

På grunn av arbeidet med nybygget frå september 2024, vil det ikkje vere parkeringsplassar for studentar på HVL sin parkeringsplass.

For rimeleg parkering i gangavstand til campus viser vi til Haugesund Parkering tilbyr rabatt for studenter.