Barnehagelærar

Bachelor, høsten 2017

Vil du spele ei meiningsfull rolle i dei viktigaste åra av utvikling og læring i barna sitt liv? Barnehagelæraryrket er krevjande, men òg variert og spennande. Sjølv om du har mange samarbeidspartnarar som barnehagelærar, er det først og fremst barna som står i sentrum. Ikkje minst gir barna yrket "krydder og farge". Ingen dagar er like.

Arbeidet i barnehagen er prega av mykje spontanitet og glede. Her får du bruk for alt du lærar i utdanninga, både på det faglege og personlege planet. Du får moglegheit til å bruke din kompetanse i samspel med både barn og vaksne. Dagane er prega av mykje leik, glede og humor.

Barnehagelærarutdanninga er ei profesjonsutdanning, men òg ei leiarutdanning. Du skal leia medarbeidarane dine og bidra til å auke kvaliteten i barnehagetilbodet. Du skal byggje på personalet sin kompetanse samstundes som du skal utfordre til vidareutvikling.

På grunn av praksis i barnehagar, må du vise fram politiattest ved studiestart. Politiattest søker du om først etter at du har fått tilbod om studieplass.

Undervisningsmåtar

Barnehagelærarutdanninga erstattar den tidlegare førskulelærarutdanninga, og er organisert i ulike kunnskapsområde. Etter det første studieåret som er felles for alle studentane, kan du frå og med andre studieår velje mellom to ulike utdanningsprofilar:

  • Natur, helse og beveging med vekt på natur og friluftsaktivitetar
  • Kunst, kultur og kreativitet med vekt på skapande arbeid saman med barna

Blir det konkurranse om ønska profil, blir dette avgjort ut i frå fastsatte kriterier. Du skal vidare ta den fordjupningseininga som ligg i profilen du går på.

Praksis

Praksis i barnehage alle tre studieår er ein viktig del av utdanningsløpet.

Kva kan du jobbe med?

Med barnehagelærarutdanning kan du jobbe som barnehagelærar, støttepedagog, pedagogisk leiar og styrar i barnehagen. Du kan òg jobba i andre barnerelaterte verksemder, som barnevernet eller administrative stillingar i kommunen.

Vil du studere meir?

Det finst mange moglegheiter til å ta vidareutdanning. Bachelorutdanninga kan gi grunnlag for opptak til fleire mastergradsutdanningar ved HVL og andre institusjonar.

Utveksling

Som student ved HVL kan du ha eit opphald i utlandet i løpet av studietida. Normalt er dette i siste studieår. Etablerte program og samarbeidsavtalar gjer at opphaldet på tre til seks månadar blir godkjent som del av studiet ditt ved HVL. Du tapar dermed ikkje tid på dette opphaldet.

Les alt om dette på sidene for utveksling ved campus Stord; http://www.hsh.no/internasjonalisering.htm 

Kor kan du reise?

Barnehagelærerutdanning ved HVL, campus Stord